Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

1A Oppdrag + elevhefte

Ark 1 i PowerPoint. Informer elevane om at dei skal sjå ein film som handlar om smarte klede, og at dei etter å ha sett filmen skal få eit oppdrag om dette som dei skal løyse. Vis filmen.

Ark 2 i PowerPoint. Les opp kortversjonen av oppdraget.
Del elevane i grupper på tre som dei skal jobbe i gjennom hele opplegget. Sørg for at elevane får tilgang til elevheftet digitalt. Elevheftet inneheld blant anna oppdragsbrev og skjema for tekniske data. Be elevane lese gjennom heile oppdragsbrevet og studer skjemaet (side 1–2).

Ark 3 i PowerPoint. Be dei legge merkje til kva det blir spurt etter og kva kompetanse/kunnskap dei trur treng for å løyse oppdraget. Bruk tenk-par-del .

Analyse av oppdragsbrevet viser at for å løyse oppdraget må elevane ha kunnskap om:

  • kva det betyr å integrere tekstil og teknologi
  • kva internett er
  • korleis ein får tilgang til internett og kan sende informasjon
  • kva slags informasjon som kan bli sendt til og frå internett
  • kva trådlaust betyr
  • kva tekniske data er
  • korleis eit flytskjema ser ut
  • kva kryptering betyr

 

Ark 4 i PowerPoint. Sei til elevane at dei skal designe eit smart klesplagg. Eit smart klesplagg kan vere ulike ting, som klede som seier noko om kor mykje alkohol ein person har drukke eller sokkar som viser pulsen til ein baby.

Presiser at de foreløpig ikkje veit kva alt i oppdraget betyr, men at de skal lære meir om dette gjennom dei neste øktene slik at dei kan løyse oppdraget. Dei skal derfor no berre ha ei kort idemyldring.

La elevane snakke saman i gruppene i fem minutt for å komme opp med idear til andre smarte klede. Dei skal notere ned forslaga.

Fagleg bakgrunn