naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Førebuing og utstyr
1. Gjer deg kjent med læringsmåla (sjå førre side) og omgrepa som er sentrale i denne økta (markert med utheva skrift).
2. Gjer deg kjent med / tilpass PowerPoint-presentasjonen dersom du vil bruke han.
3. Gjer elevhefte tilgjengeleg digitalt til kvar elev. Dette heftet skal elevane bruke gjennom alle øktene i opplegget.
4. Førebu aktiviteten Sammenlikn IR, bluetooth og wifi:
Kvar gruppe skal undersøke ein type strålar (wifi, IR eller bluetooth). For å undersøke wifi og bluetooth treng elevane berre telefonar med wifi og mobildata. Til å undersøke IR-strålar treng dei ein fjernkontroll med tilhøyrande elektronisk apparat, for eksempel TV, projektor eller liknande.
Utstyr: Aluminiumfolie, papir, papp, plast, boks i tre, ein eller fleire fjernkontrollar med tilhøyrande elektronisk apparat (TV, projektor)