Undervisningsopplegg

Økt 1: Elektroniske kommunikasjonssystem

I denne økta skal oppdraget til elevane skape læringsbehov og etablere ei engasjerande ramme gjennom undervisningsopplegget. Gjennom ulike utforskande aktivitetar får elevane bli kjent med delar av det elektromagnetiske spekteret og kva for typar stråling som nyttast i elektronisk kommunikasjon.

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • analysere eit oppdrag, sjå kva det blir spurt etter og kva kompetanse/kunnskap dei treng for å løyse oppdraget
  • beskrive korleis det elektromagnetiske spekteret kan delast inn etter energi, frekvens og bølgjelengd

I dette opplegget skal elevane forstå korleis eit elektronisk kommunikasjonssystem i hovudtrekk er bygd opp og fungerer. Denne kunnskapen skal dei bruke for å finne opp eit klesplagg som kommuniserer med internett for å fylle eit behov.

Tidsbruk

  
1A. Oppdrag + elevhefte  15 minutt
1B. Elektroniske kommunikasjonssystem  30 minutt
1C. Det elektromagnetiske spekteret  35 minutt
1D. Oppsummering  10 minutt
TOTALT  90 minutt
Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

  • PowerPoint-presentasjon  bokmål | nynorsk
  • Elevhefte til kvar elev PDF: bokmål | nynorsk  WORD: bokmål | nynorsk

1. Gjer deg kjent med læringsmåla (sjå førre side) og omgrepa som er sentrale i denne økta (markert med utheva skrift).

2. Gjer deg kjent med / tilpass PowerPoint-presentasjonen dersom du vil bruke han.

3. Gjer elevhefte tilgjengeleg digitalt til kvar elev. Dette heftet skal elevane bruke gjennom alle  øktene i opplegget.

4. Førebu aktiviteten Sammenlikn IR, bluetooth og wifi:

Kvar gruppe skal undersøke ein type strålar (wifi, IR eller bluetooth). For å undersøke wifi og bluetooth treng elevane berre telefonar med wifi og mobildata. Til å undersøke IR-strålar treng dei ein fjernkontroll med tilhøyrande elektronisk apparat, for eksempel TV, projektor eller liknande.

Utstyr: Aluminiumfolie, papir, papp, plast, boks i tre, ein eller fleire fjernkontrollar med tilhøyrande elektronisk apparat (TV, projektor)

Forsøk og praktisk arbeid

1A Oppdrag + elevhefte

Ark 1 i PowerPoint. Informer elevane om at dei skal sjå ein film som handlar om smarte klede, og at dei etter å ha sett filmen skal få eit oppdrag om dette som dei skal løyse. Vis filmen.

Ark 2 i PowerPoint. Les opp kortversjonen av oppdraget.
Del elevane i grupper på tre som dei skal jobbe i gjennom hele opplegget. Sørg for at elevane får tilgang til elevheftet digitalt. Elevheftet inneheld blant anna oppdragsbrev og skjema for tekniske data. Be elevane lese gjennom heile oppdragsbrevet og studer skjemaet (side 1–2).

Ark 3 i PowerPoint. Be dei legge merkje til kva det blir spurt etter og kva kompetanse/kunnskap dei trur treng for å løyse oppdraget. Bruk tenk-par-del .

Analyse av oppdragsbrevet viser at for å løyse oppdraget må elevane ha kunnskap om:

  • kva det betyr å integrere tekstil og teknologi
  • kva internett er
  • korleis ein får tilgang til internett og kan sende informasjon
  • kva slags informasjon som kan bli sendt til og frå internett
  • kva trådlaust betyr
  • kva tekniske data er
  • korleis eit flytskjema ser ut
  • kva kryptering betyr

 

Ark 4 i PowerPoint. Sei til elevane at dei skal designe eit smart klesplagg. Eit smart klesplagg kan vere ulike ting, som klede som seier noko om kor mykje alkohol ein person har drukke eller sokkar som viser pulsen til ein baby.

Presiser at de foreløpig ikkje veit kva alt i oppdraget betyr, men at de skal lære meir om dette gjennom dei neste øktene slik at dei kan løyse oppdraget. Dei skal derfor no berre ha ei kort idemyldring.

La elevane snakke saman i gruppene i fem minutt for å komme opp med idear til andre smarte klede. Dei skal notere ned forslaga.

Fagleg bakgrunn

Forsøk og praktisk arbeid

1B Elektroniske kommunikasjonssystem

Ark 5-6 i PowerPoint. Vis eit eksempel på eit kommunikasjonssystem ved å snakke med elevane om korleis systemet med å sende ei pakke verkar. I oppdraget som elevane har fått står det at dei skal lage eit flytskjema. Vis og beskriv eksempelet med pakka som flytskjema.

Fagleg bakgrunn


Ark 7 i PowerPoint. Les opp definisjonen og la elevane komme med forslag til andre kommunikasjonssystem.

Ark 8 i PowerPoint. Sei til elevane at det finst mange måtar å sende informasjon på, og mange ulike typar kommunikasjonssystem. Fortel historia om paret som gikk seg vill på vegen over Besseggen i 2012, men som laga nødsignalet SOS med lommelykta på telefonen og blei redda av Luftambulansen. Nødsignalet SOS blei sendt med morsesystemet.

Ark 9 i PowerPoint. Vis fram morsealfabetet og la elevane jobbe i grupper med å dekode eit ord som består av tre bokstavar. Ordet BRA er spilt inn i morsealfabetet med lommelykt og ligg til venstre på arket. 

Ark 10 og 11 i PowerPoint. Summer opp om kommunikasjonssystem.

Fagleg bakgrunn

 

Forsøk og praktisk arbeid

1C Det elektromagnetiske spekteret

Ark 12 i PowerPoint. Fortel elevane at synleg lys er ein liten del av det som blir kalla det elektromagnetiske spekteret, men at det er andre typar stråling som kan nyttast til å kommunisere trådlaust.

Ark 13–14 i PowerPoint. Be elevane gjere aktiviteten Elektromagnetisk stråling i elevheftet.  Summer opp om ulike strålingstypar og deira frekvens- og bølgjelengdområdar. Be så elevane gjere aktiviteten Elektromagnetisk stråling - frekvensar.

Ark 15–16  i PowerPoint. La kvar gruppe undersøke enten IR-stråling, wifi eller bluetooth:

Bluetooth: La elevane undersøke rekkevidda til bluetooth-signal ved f.eks. å spele musikk på ein mobiltelefon og overføre til trådlause hovudtelefonar. Ein av elevane har hovudtelefonane på, og flyttar seg gradvis lengre og lengre unna personen som speler musikk på telefonen.

  • Kor lang rekkevidde har signala?
  • Undersøk også kva som kan stoppe signala, f.eks. vegg, dør, glas, osv.

Infraraud stråling: La elevane undersøke rekkevidda til IR-strålar ved å bruke fjernkontrollen til ei eining (f.eks. TV, projektor e.l. i klasserommet). Ein av elevane brukar fjernkontrollen mens hun/han flytter seg gradvis lengre og lengre unna prosjektoren mens den andre eleven følger med på eininga om signala når fram. Kor lang rekkevidde har signala?

  • Kor lang rekkevidde har signala?
  • Undersøk også kva som kan stoppe signala, f.eks. vegg, dør, glas, osv.

Wifi: La elevane undersøke rekkevidda til skolens wifi-signal ved å skru av mobildata på telefonane, og følgje med på kor langt unna skolen dei har dekning. Kor lang rekkevidde har signala?

  • Kor lang rekkevidde har signala?
  • Undersøk også kva som kan stoppe signala, f.eks. murvegg, dør, glas, aluminium, tilfluktsrom osv.

La kvar gruppe presentere sine funn for resten av klassen slik at dei får ei oversikt over rekkevidda til dei ulike strålingstypane og kva materiale som kan stoppe dei.

Ark 17 i PowerPoint. Summer opp om stråling og energi.

Fagleg bakgrunn

 

Forsøk og praktisk arbeid

1D Oppsummering

Ark 18–19 i PowerPoint. Oppsummer økta og gjennomfør gruppeoppgaven (3 min). La noen grupper fortelle det de kom fram til (2 min).

Ark 20 i PowerPoint. Presenter kjenneteikn på måloppnåing. Oppfordre elevane til å bruke dei underveis i løysinga av oppdraget.

Ark 21 i PowerPoint. Forel elevane aI dei i neste økt vil få fleire eksempel på smarte klesplagg som kan hjelpe dei fram til ei løysing på oppdraget.