naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
1C Det elektromagnetiske spekteret
Ark 12 i PowerPoint. Fortel elevane at synleg lys er ein liten del av det som blir kalla det elektromagnetiske spekteret, men at det er andre typar stråling som kan nyttast til å kommunisere trådlaust.
Ark 13–14 i PowerPoint. Be elevane gjere aktiviteten Elektromagnetisk stråling i elevheftet. Summer opp om ulike strålingstypar og deira frekvens- og bølgjelengdområdar. Be så elevane gjere aktiviteten Elektromagnetisk stråling - frekvensar.
Ark 15–16 i PowerPoint. La kvar gruppe undersøke enten IR-stråling, wifi eller bluetooth:
Bluetooth: La elevane undersøke rekkevidda til bluetooth-signal ved f.eks. å spele musikk på ein mobiltelefon og overføre til trådlause hovudtelefonar. Ein av elevane har hovudtelefonane på, og flyttar seg gradvis lengre og lengre unna personen som speler musikk på telefonen.
- Kor lang rekkevidde har signala?
- Undersøk også kva som kan stoppe signala, f.eks. vegg, dør, glas, osv.
Infraraud stråling: La elevane undersøke rekkevidda til IR-strålar ved å bruke fjernkontrollen til ei eining (f.eks. TV, projektor e.l. i klasserommet). Ein av elevane brukar fjernkontrollen mens hun/han flytter seg gradvis lengre og lengre unna prosjektoren mens den andre eleven følger med på eininga om signala når fram. Kor lang rekkevidde har signala?
- Kor lang rekkevidde har signala?
- Undersøk også kva som kan stoppe signala, f.eks. vegg, dør, glas, osv.
Wifi: La elevane undersøke rekkevidda til skolens wifi-signal ved å skru av mobildata på telefonane, og følgje med på kor langt unna skolen dei har dekning. Kor lang rekkevidde har signala?
- Kor lang rekkevidde har signala?
- Undersøk også kva som kan stoppe signala, f.eks. murvegg, dør, glas, aluminium, tilfluktsrom osv.
La kvar gruppe presentere sine funn for resten av klassen slik at dei får ei oversikt over rekkevidda til dei ulike strålingstypane og kva materiale som kan stoppe dei.
Ark 17 i PowerPoint. Summer opp om stråling og energi.
Fagleg bakgrunn