naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Gjennomføring av økt 3
Ark 13. Gjenta oppdraget. Sei: Oppdraget de har fått er å teikne ein sko som ikkje finst enno. Vi har lært om stoff og om eigenskapane til stoffa. Dette må du bruke når du skal velje kva skoen skal vere laga av.
Be elevane finne opp ein sko der dei sjølve bestemmer kva skoen skal brukast til. Dersom nokre elevar synst det er vanskeleg å komme på ein sko å teikne, kan du gi dei eit verb som fortel kva skoen skal brukast til. Dersom du seier «hoppe», skal dei teikne ein sko som passar til å hoppe med. Be dei tenke på kva for eigenskapar som er lure for ein slik sko. Dersom du seier «flyte» vil det vere andre eigenskapar som passar. Fleire idear kan vere kose, fly, sveve, krype, dykke, skli, snurre eller vokse.
Be elevane tenke på kva stoff som passar til dei ulike delane av skoen (plast, metall, tøy, gummi osv.)
Teikne sko. La elevane teikne skoideen sin. Elevane kan gjerne samarbeide om å finne opp ein sko og teikne skoen saman.
Vise fram teikningane. La kvar elev eller kvart elevpar vise fram teikninga si og fortelje om skoen sin. Spør elevane om kva skoen kan brukast til og om kva eigenskapar skoen har. Spør også om kva stoff skoen er laga av og kvifor.
Ark 14. Oppsummering. Gå gjennom nøkkelsetningane i PowerPointen. Kva for stoff kan sko vere laga av? [gummi, skinn, tøy, metall, plast] Kva for eigenskapar har for eksempel gummi? [bøyeleg, vasstett]