Undervisningsopplegg

Økt 3: Teikne ein sko

Oppfinnar Foto: www.pixabay.com I denne økta skal elevane løyse oppdraget med å teikne ein ny sko. Dei skal knyte eigenskapane til skoen saman med kva skoen skal brukast til. 

Læringsmål

Elevene skal kunne 

  • beskrive kva for stoff og eigenskapar til stoff som passar til ein bestemt bruk

Tidsbruk 

Gjenta oppdraget 5–10 min
Teikne sko 25–30 min
Vise fram teikningane 15–20 min
TOTALT 45–60 min

 

Naturfaglig språk

Fagspesifikke begrep

  • eigenskap
    korleis eit stoff ser ut, luktar, smakar, kjennest, kva slags lyd det lagar eller korleis det blandar seg med andre stoff
  • stoff
    det som alle ting er laga av. Ulike stoff har ulike eigenskapar.

Forskerspirebegrep

  • begrunne
    fortelje kvifor man meiner noko
  • beskrive
    fortelje med ord eller bilde korleis noko er
  • observere
    bruke sansane til å få informasjon om noko
  • samanlikne
    sjå etter kva som er likt og ulikt mellom to eller fleire ting
  • sortere
    dele inn i grupper etter observerbare kjenneteikn
Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

1. Gjer deg kjent med læringsmåla (sjå førre side) og omgrepa som er sentrale i denne økta (markert med utheva skrift).

2. Gjer deg kjent med økt 3 i PowerPoint-presentasjonen.

3. Skriv gjerne ut utskriftsversjonen av økta eller ha denne tilgjengeleg på skjerm.

Forsøk og praktisk arbeid

Gjennomføring av økt 3

Ark 13. Gjenta oppdraget. Sei: Oppdraget de har fått er å teikne ein sko som ikkje finst enno. Vi har lært om stoff og om eigenskapane til stoffa. Dette må du bruke når du skal velje kva skoen skal vere laga av.

Be elevane finne opp ein sko der dei sjølve bestemmer kva skoen skal brukast til. Dersom nokre elevar synst det er vanskeleg å komme på ein sko å teikne, kan du gi dei eit verb som fortel kva skoen skal brukast til. Dersom du seier «hoppe», skal dei teikne ein sko som passar til å hoppe med. Be dei tenke på kva for eigenskapar som er lure for ein slik sko. Dersom du seier «flyte» vil det vere andre eigenskapar som passar. Fleire idear kan vere kose, fly, sveve, krype, dykke, skli, snurre eller vokse.

Be elevane tenke på kva stoff som passar til dei ulike delane av skoen (plast, metall, tøy, gummi osv.)

Teikne sko. La elevane teikne skoideen sin. Elevane kan gjerne samarbeide om å finne opp ein sko og teikne skoen saman.

Vise fram teikningane. La kvar elev eller kvart elevpar vise fram teikninga si og fortelje om skoen sin. Spør elevane om kva skoen kan brukast til og om kva eigenskapar skoen har. Spør også om kva stoff skoen er laga av og kvifor. 

Ark 14. Oppsummering. Gå gjennom nøkkelsetningane i PowerPointen. Kva for stoff kan sko vere laga av? [gummi, skinn, tøy, metall, plast] Kva for eigenskapar har for eksempel gummi? [bøyeleg, vasstett]