naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Undervisningsopplegg
Økt 3: Kva er koden?
I denne økta snakkar de først om basestasjonane som elevane har sett ute og går djupare inn i kva dekning betyr. Elevane får vidare eit innblikk i korleis vi kan sende informasjon ved hjelp av binære kodar. Dei skal få erfaring med å sende ord med binær kode med og utan kryptering.
Læringsmål
Elevane skal kunne
- bruke ein enkel binær kode og lage ein enkel krypteringsnøkkel
Tidsbruk
3A. Trådlaus kommunikasjon | 10–15 minutt |
3B. Send ord med binær kode | 30–45 minutt |
3C. Krypter koden | 20–30 minutt |
TOTALT | 60–90 minutt |
Naturfaglig språk
Fagspesifikke begrep
-
adresseunik identifikasjonsopplysning for ein geografisk stad eller ein eining
-
basestasjonsendar- og mottakarstasjon i mobilnettet
-
binære taltal i totalssystemet som blir uttrykt med symbola 0 og 1
-
binær kodeinformasjon omsett til teikna 0 og 1 som datamaskinar kan lagre og overføre
-
dekninggeografisk rekkevidde av eit trådlaust nett
For eksempel mobilnett eller wifi. -
funksjonkva noko gjer, eller kva det brukast til
-
grensesnittkopling mellom to delar av eit kommunikasjonssystem
-
informasjonopplysningar som blir sende mellom delane i eit kommunikasjonssystem
-
internettglobalt elektronisk kommunikasjonssystem som du kan koble deg til trådlaust eller med kabel
-
krypteringomforming av data slik at informasjonen dei inneheld ikkje kan lesast av uvedkommande
-
mottakarendepunkt for ei informasjonsoverføring
-
samplingavlesing av et signals nivå ved faste tidsintervaller og omforming av nivået til en digital tallverdi
-
sendarstartpunkt for ei informasjonsoverføring
-
systemnoko som består av fleire delar som verkar saman
Forskerspirebegrep
-
kravspesifikasjonskildring av eigenskapar og funksjonar som eit produkt skal ha
-
modellforenkla framstilling, for eksempel ein gjenstand eller ein figur, som hjelper oss å forstå noko