naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- barnetrinn 3-4
- kunst og håndverk
- matematikk
- naturfag
Utforsking av lys
På berre eitt sekund kan lyset reise nesten 300 000 kilometer. Sjølv om lys er det raskaste vi veit om, kan du stoppe noko av det med handa di. I dette undervisningsopplegget skal elevane gjere seg erfaringar med eigenskapane til lyset og sjå det i samanheng med gjenstandar vi omgir oss med.
Korleis kan vi eigentleg sjå alt som er rundt oss? Før trudde ein at auga kasta strålar ut mot det dei ville sjå. No veit vi at lys frå sola og ulike lyskjelder treff oss og gjenstandane rundt oss, og blir reflektert tilbake til auga våre. Mange materiale slipp også gjennom mykje av lyset – dette kallar vi transmisjon. Vindauga våre er eit godt eksempel – viss dei ikkje hadde sluppe gjennom lys, ville vi jo ikkje kunne sjå gjennom dei! Men dei slipp ikkje gjennom alt lys, noko blir reflektert, og noko blir stoppa. Når vi ser eit vindauge som står opent, kan vi sjå at også glaset kastar skugge. Skuggen er bevis på at ikkje alt lyset slipp gjennom. Når eit materiale absorberar lys, tar det lyset inn i seg og omformar det til varmeenergi. Farga til materialet har også noe å seie: Vi har vel alle kjent korleis det er å gå med svart genser på ein varm sommardag!
Læringsmål
- undersøke eigenskapar til ulike materiale når det gjeld refleksjon (lys som blir kasta tilbake) og transmisjon (lys som går gjennom noko)
- observere og fortelle korleis skuggen endrar størrelse etter avstand frå lyskjelda
- gjenkjenne og finne gjenstandar som tar i bruk refleksjon og transmisjon
- fortelle kva desse gjenstandane er laga av og kva for funksjon dei har
-
egenskapkan være hvordan et stoff eller materiale ser ut, lukter, smaker, føles, hva slags lyd det lager, og/eller hvordan det blander seg med andre materialer
-
formhvordan noe ser ut og er bygget opp slik at det passer godt til en spesiell funksjon
-
funksjonhva noe gjør, eller hva det brukes til
-
materialedet som ting er laget av