naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Læringskjede
Dette undervisningsopplegget skal settes i en læringskjede i kunst og håndverk, naturfag og matematikk. En læringskjede kan bestå av både for- og etterarbeid i fagene.
Etterarbeid i naturfag
La elevane bruke erfaringane i undervisningsopplegget til å snakke om eigenskapane til lys. Elevane har erfart at lysstrålane går i rette linjer, og at når noko blokkerer lyset vil det kaste skugge. Elevane skal bruke omgrepa refleksjon, absorpsjon og transmisjon til å snakke om erfaringane frå teknologi- og designopplegget.
Forarbeid i matematikk
Elevane bør i forkant av undervisningsopplegget ha arbeidd med omgrepa linje og stråle. Med eigne ord bør dei kunne forklare kva det er og si kva som er likt og kva som er ulikt mellom dei to. Elevane skal i praktiske samanhengar kunne bruke omgrepa like stor, større enn, mindre enn, liten/kort avstand mellom og stor/lang avstand mellom.
Etterarbeid i kunst og håndverk
La elevane bruke erfaringane til å snakke om korleis ulike materiale slepp igjennom, reflekterer eller absorberer lys.