naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Kva er statisk elektrisitet?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Gni ein ballong mot klea og hald han over håret ditt eller håret til ein elev. Du kan også halde han over krydder eller små papirbitar. Prøv om ulike klede gir ulike resultat. Prøv også å gni ballongen mot noko av plast. Spør: Kvifor trur de at vi ikkje brukar statisk elektrisitet i kretsar?
Forklar for elevane: Statisk elektrisitet kjem av at ladningar blir overført frå eit objekt til eit anna. Elektron blir overført når vi gnir ein ballong mot nokre typar stoff. Den elektriske ladninga som blir bygd opp kallar vi statisk elektrisitet, og denne kan få hårstrå til å reise seg eller papirlappar til å feste seg til ein ballong. Små mengder statisk ladning skadar oss ikkje. Lyn er elektrostatisk utladning som kjem av at skyer blir ladde med statisk elektrisitet. Skyer blir ladde når iskrystallar og sludd blir blåsne rundt og kolliderer inni skya. Lette iskrystallar blir positivt ladde og samlar seg i toppen av skya, mens tyngre sludd og hagl blir negativt ladd og samle i botnen. Dersom nok ladning bygger seg opp, blir det ei utladning i form av lyn, enten inni skya, mellom skyer eller frå ei sky ned i bakken. Dette kan vere veldig skadeleg. Statisk elektrisitet kan også komme av trykk eller varme i nokre materiale.
Be elevane lage ei skisse av korleis dei ser for seg at bevegelsen av negative elektron kan gjere ein gjenstand positivt ladd.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
ballong