naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
Korleis fungerer ei linse?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Gjer rommet mørkt. Lag ein tynn lysstråle ved lyse med ei lommelykt gjennom ei lita åpning i eit stykke svart kartong. Lys lysstrålen gjennom ulike ting som ein flat glasbit, ei klar glasflaske, ein klar glasbolle med vatn, eit forstørringsglas og så vidare. Spør: Kva skjer med lysstrålen? Kva trur det skjer dersom vi sender ein lysstråle gjennom ei konkav linse (som er tjukk langs kanten og tynn i midten? Bruk tenk-par-del .
Sei: Når lyset treff eit gjennomsiktig stoff som glas, vil noko av lyset bli reflektert og noko går gjennom. Lyset går med ulik fart i glas og i luft. Dette betyr at når lys går frå luft til glass, så blir det brote. Dette kallar vi lysbrytning. Ulike stoff bøyer lyset i ulik grad. Eit forstørringsglas er ei konveks linse som er tjukkare i midten og tynnare langs kanten. Alt lyset som passerer gjennom blir bøygd mot eitt felles punkt. Kombinasjonen av lysbrytning og kurva til linsa fokuserer lyset.
Be elevane lage ei informasjonsbrosjyre for å få folk til å forstå korleis lysbrytning i hornhinna og linsa i auget gjer oss i stand til å sjå klart.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
Vg1 SF
- utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserende stråling, og vurdere informasjon om stråling og helseeffekter av ulike strålingstyper (KM817)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
lommelykt
svart kartong
flat glasbit
klar glasflaske
klar glasbolle med vatn
forstørringsglas