Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Kvifor ser rosene raude ut?

8.2 Grubleteikning - Kvifor ser rosene raude ut (nynorsk)

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

La elevane sjå på ein raud gjenstand gjennom eit raudt fargefilter, deretter gjennom eit blått filter. La dei gjere det same med ein blå gjenstand. La dei sjå på ulike gjenstandar gjennom både det raude og det blå filteret på ein gong. Spør: Kva fortel dette oss om korleis lys blir reflektert eller absorbert? Bruk tenk-par-del Be elevane føreseie kva dei kjem til å sjå dersom dei ser på ulike farga gjenstandar gjennom ulike filter. Dersom de har tilgang på eit spektrometer, kan de sjekke føreseiingane. De kan også lage eit spektroskop.

Sei: Sollys (kvitt lys) består av alle fargane i spekteret. Når de ser ein regnboge, ser de det kvite lyset spalta opp i alle desse fargane. Når lys treff ein ugjennomskinleg gjenstand, kan det bli reflektert eller absorbert. Kvite gjenstandar reflekterer nokre av fargane og absorberer resten. Vi kan berre sjå det lyset som blir reflektert, så dette er den fargen som vi oppfattar at gjenstanden har. Ein raud blomst reflekterer raudt lys og absorberer dei andre fargane, så vi ser han som raud. I blått lys er det ikkje noko raudt lys å reflektere, så den raude blomsten ser svart ut. 

Spør: Kan de tenkt dykk kvifor vi får grønt når vi blandar gul og blå (cyan) måling, men når vi blandar raudt og grønt lys får vi gult?

Be elevane lage ei informasjonsbrosjyre til ein gartnar som ønsker å vite kva for fargar som vil hjelpe grøne planter å vokse godt. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • Vg1 SF
      • utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserende stråling, og vurdere informasjon om stråling og helseeffekter av ulike strålingstyper (KM817)
    • Vg3 Påbygging
      • utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserende stråling og vurdere informasjon om stråling og helseeffekter av ulike strålingstyper (KM733)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

ein raud og ein blå gjenstand
raudt og blått filter, for eksempel cellofan
ev. spektrometer