Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Beveger stjernene seg?

10.9 Beveger stjernene seg NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Dra på tur ut når det er mørkt eller be elevane studere stjernehimmelen som lekse. Be elevane velje seg ut eit stjernebilde som dei kjenner, for eksempel Karlsvogna, og sjå på plasseringa i forhold noko på bakken som ikkje beveger seg. Be dei følge med over tid på om stjernebildet beveger seg. Spør: Dersom det ser ut som det beveger seg, kor fort går det? Be dei samanlikne med kor fort det ser ut som at sola og månen beveger seg over himmelen. Spør: Går alt i same retning? Trur det at det blir det same på den nordlege og den sørlege halvkula? 

Sei: Jorda roterer rundt seg sjølv mens ho går i bane rundt sola. Dette gjer at det ser ut som om sola, månen og stjernene beveger seg over himmelen og tilbake til utgangspunktet. Jorda brukar 24 timar på å rotere ein gong rundt seg sjølv, så det tar 24 timar for sola, månen og stjernene tilsynelatande å bevege seg tilbake til utgangspunktet. Det ser ut som at dei beveger seg sakte frå aust til vest. På den nordlege halvkula ser det ut som at Polarstjerna eller Nordstjerna ikkje beveger seg noko særleg fordi ho nesten er på linje med nordenden av jordaksen. Det er inga tilsvarande lyssterk stjerne over sørenden av aksen, så det finst inga sørleg polarstjerne. Sørkorset peikar mot der den sørlege polarstjerna ville ha vore. Månen går også i bane rundt jorda, og dette gjer at det ser ut som om månen beveger seg litt saktare enn stjernene bak.

Be elevane forklare kvifor stjerner som Polarstjerna og Sørkorset var viktige for sjømenn tidlegare. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • beskrive og visualisere hvordan døgn, månefaser og årstider oppstår, og samtale om hvordan dette påvirker livet på jorda (KM803)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)