Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2
  • geofag x og 1
  • geofag 2

Kan vi høyre eit jordskjelv?

 

9.8 Kan vi høyre eit jordskjelv NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

La elevane undersøke kor godt vibrasjonar går gjennom eit fast stoff ved å halde øyret inntil eit langt tre- eller metallrøyr mens ein annan forsiktig på den andre enden av røyret. Snakk saman om kor langt dei trur ein vibrasjon kan gå. La dei undersøke på internett kva for frekvens vibrasjonar frå jordskjelv har. Sei: Det er to typar bølger som blir danna ved eit jordskjelv. Kva for to og korleis er dei forskjellige? Korleis passar desse to med det frekvensområdet som vi høyrer i? 

Sei: Vi brukar ein seismograf for å måle kor stort eit jordskjelv er. Be elevane lage ei skisse over korleis dei trur ein seismograf verkar. 

Faglig forklaring

Vibrasjonane som blir danna ved jordskjelv er lågfrekvente. Frekvensen er vanlegvis for låge til at vi kan høyre dei, men vi kan kjenne dei med kroppen. Nokre meiner at dei kan høyre eit smell når det er jordskjelv. Dette er kanskje fordi nokre jordskjelv er grunnare enn andre, noko som kan gi vibrasjonar med høgare frekvens. Bevegelsane i eit jordskjelv får andre ting til å vibrere, det er grunnen til at bygningar kan bli skada. Desse vibrasjonane kan vi høyre. Nokre av vibrasjonane til jorda går over til lufta og beveger seg som lågfrekvent lyd som vi kan høyre. Vibrasjonar går mykje lenger og raskare gjennom jorda, som består for det meste av faste stoff og væsker, enn gjennom lufta. Vi brukar ein seismograf for å måle kor stort eit jordskjelv er. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
    • Vg1 SF
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
    • Vg3 Påbygging
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM734)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

tre- eller metallrøyr

Nettressurser

(jordskjelv.no)