Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7

Rør (leie lyd)

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om stoffa sine evner til å leie lyd, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Rør

Faglig forklaring

Ei vanleg kvardagsførestilling er at berre luft leier lyd. Dei svingingane vi oppfattar som lyd, kan leiast via alle medium (som kan svinge eller vibrere). Lyd blir faktisk leidd betre via faste stoff enn væsker, og betre via væsker enn gassar. Lyd blir dermed leidd betre via eit radiatorrør enn via vatn og luft inne i røret. Lyden blir òg leidd raskare gjennom faste stoff enn i luft. Difor kan vi høyre at det susar i togskinnene ei god stund før vi høyrer at toget kjem på grunn av lyden av toget gjennom lufta.

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan undersøkje korleis faste stoff, væsker og gassar leier lyd ved for eksempel å dunke på metallrør fylt med væske eller luft. Sidan alle stoff til ein viss grad leier lyd, kan elevane avgjere kva stoff som leier lyd best.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 4. trinn
      • undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar (KM793)
    • 7. trinn
      • bruke partikkelmodellen til å forklare faseoverganger og egenskapene til faste stoffer, væsker og gasser (KM829)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)