naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
Korleis lagar trea ny ved?
Kvar kjem veden i trea frå?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Be elevane snakke saman to og to om kva ei plante treng for vekse godt. Spør: Kan ei lita plante vekse til ei stor, frisk plante utan jord?
Plant nokre rasktveksande frø for å sjå om dei kan fullføre heile livssyklusen utan jord. Undersøk kva gjødsel gjer for planta. Spør: Kvifor trur de at gjødsel ofte kallast plantenæring?
Oppgåve: Tenk deg at du skal lage ei illustrert ordbok. Lag ei side i ordboka som viser kvar ved kjem frå.
Faglig forklaring
Planter veks fordi cellene delar seg for å lage nye celler. Dei nye cellene bygger opp alt vevet og dei ulike delane av planta, slik som røter, stenglar, blad, blomar og frø. Celler i stenglene hos nokre planter kan utvikle seg til å bli ved. For at celler skal kunne dele seg, treng dei energi og råstoff til nye celler. Mineral frå jorda gir ikkje energi og gir berre ein veldig liten del av råstoffet som cellene består av. Planter skaffar si eiga næring gjennom fotosyntesen, der det grøne klorofyllet i blada brukar energi frå sollyset for å setje saman karbondioksid- og vassmolekyl i ein kjemisk reaksjon. Denne reaksjonen gir glukose og oksygen. Glukosen kan gi plantene energi, bli omdanna til cellulose eller bli lagra som stivelse. Planter brukar cellulose for å lage nye celleveggar og bli større. I tre er cellulose hovedmaterialet i veva som utviklar seg til ved. Ved styrkar stenglane i trea slik at dei kan vekse seg høge.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
- utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)
- gjøre rede for hvordan fotosyntese og celleånding gir energi til alt levende gjennom karbonkretsløpet (KM805)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
rasktveksande frø
gjødsel