naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
Kva betyr det at noko er levande?
Kva for kjenneteikn brukar vi på at noko er levande? Er eit frø levande? Kva med eld?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Legg nokre karsefrø på eit fuktig papirhandkle. La det ligge nokre dagar. Snakk om endringane de observerer og korleis dette kan hjelpe oss til å finne ut om frøa er levande eller ikkje.
Be elevane finne tre ulike definisjonar på liv på Internett. Skriv opp definisjonane på tavla, og be elevane diskutere kva for ein som er best.
Diskuter i kva for grad eld passar inn i dei ulike definisjonane.
Sei til elevane: Menneska har vore fram og tilbake til månen, og på eit tidspunkt vil vi sannsynlegvis reise til Mars. Kva for eit råd vil du gje astronautar på Mars om korleis dei kan avgjere om noko dei finn er levande?
Faglig forklaring
Dei fleste planter formerer seg ved hjelp av frø. Frø er planteembryo som er pakka inn i eit hardt skal, og som ventar på å spire. Frøa er levande. Dei kan vere så små at dei er vanskelege å sjå eller så store som ein fotball. Dei treng egna vilkår for å spire og starte å vekse, slik som temperatur og mengde vatn. Eld er ikkje levande. Det er ein kjemisk reaksjon som friger energi når noko brennbart reagerer med oksygen. Eld gjer mange av dei tinga som levande organismar gjer, slik som å ete, vekse, formere seg og avgje avfallsstoffer, men eld består ikkje av celler. Dagens biologar meiner at levande organismar kan kontrollere deira indre miljø, består av celler og kan forandre og utvikle seg over tid. Sjølv om det ikkje finst nokon enkel definisjon på liv, så er ikkje eld levande.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
- utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
karsefrø
papirhandkle
vatn