naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 1-2
- barnetrinn 3-4
- barnetrinn 5-7
Katten min
Diskuter utsegnene i grubleteikninga om omgrepet dyr, og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Omgrepet dyr inkluderer menneske og andre pattedyr. Ei kvardagsførestilling er at alle dyr har fire føter og at menneske og dyr er gjensidige utelukkande omgrep. Menneske passar inn i alle tre kategoriane: menneske, dyr og pattedyr. Kattar er dyr og pattedyr.
Kommentarer/praktiske tips
For at definisjonane av dyr og pattedyr skal gi meining, må elevane ha ei forståing av korleis klassifiseringssystemet er bygt opp, og at det ikkje berre ei enkel samling av gjensidig utelukkande kategoriar. Kjennskap med andre klassifiseringssystem (for eksempel at ein tarantell er både ei vevkjerring, eit leddyr og eit dyr; eller at ein svalestjert er ein sommarfugl, eit insekt, eit leddyr og eit dyr) kan vere ei hjelp til å forstå korleis menneske og kattar passar inn i klassifiseringssystemet.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
- Del klassa inn i grupper på tre elevar.
- Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
- Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
- Elev 3 skal summere opp.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
7. trinn
- gjøre rede for hvordan organismer kan deles inn i hovedgrupper, og gi eksempler på ulike organismers særtrekk (KM778)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)