Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • ungdomstrinn 8-10

Boks med spegel

Kva skjer om du lyser ned i ein boks som er kledd innvendig med spegel. Diskuter utsegnene i grubleteikninga, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Boks med speil

Faglig forklaring

Dersom lys var ein fysisk substans, kunne vi ha forventa at lyset framleis var inne i boksen etter at den blei lukka igjen og at lyset kunne kome ut dersom vi opna boksen. I røynda blir alt lyset absorbert av den spegelkledde overflata inne i boksen.  Speglane som absorberer energien til lyset, får ein svak temperaturauke.

Kommentarer/praktiske tips

Å opne boksen for og sjå om det kjem ut lys, vil vere problematisk med tanke på lysfarten. I prinsippet er det mogeleg å lyse ned i boksen, lukke lokket og opne det i eit heilt mørkt rom for å sjå om lyset kjem ut. Den beste måten å undersøkje dette på er å bruke dataloggingsutstyr med ein sensor inne i boksen som les av lysmengda før og etter at lokket er lukka.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læringsressurs