naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Gjennomføring av økt 1
Gi oppdraget til elevane. Sei: Du skal teikne ein sko som ikkje finst enno. Men for å vite korleis skoen skal vere er det lurt å vite kva skoen skal brukast til for å velje kva skoen kan bli laga av og kva for eigenskapar han skal ha. Presiser at de skal jobbe ei god stund før dei skal teikne skoen (sei kva for dag de skal ha økt 3).
Sortere sko. Sei at for å lære om eigenskapar skal vi sortere sko på ulike måtar. Del ut ark med Venndiagram. Be dei først om å sortere skoa etter om dei meiner dei er innesko eller utesko. Få fram at det ikkje er noko som er riktig eller feil. Oppsummer felles. Anerkjenn ulike svar, men be elevane om å begrunne kvifor dei meiner at skoen er inne- eller utesko [varme, vasstette, harde, mjuke].
Be elevane så sortere etter om skoa er harde eller mjuke og begrunne svaret. [Skoen kan ikkje endre fasong. Det kjennest mjukt/hardt ut viss eg tar på skoen.] Det er fint dersom nokon meiner at skoen er ein mellomting mellom hardt og mjukt.
Be elevane sortere skoa etter kva for farge dei har. Her kan elevane vere ueinige om kvit er ein farge eller ikkje, og om metall har farge eller ikkje. Spør kva for sans dei bruka for å undersøke fargene på skoa. [Syn]
Be elevane finne ein annan måte å sortere skoa på. Dette kan vere om dei er lette eller tunge, vasstette eller ikkje, bøyelege eller ikkje osv.
Definer eigenskap. Sei til elevane: Alt det de har nemnt om dei ulike skoa, er eksempel på eigenskapar. Sei at lett, tung, hard, mjuk, fargelaus, bøyeleg og så vidare er eigenskapar. Eigenskapane seier noko om korleis skoa er. Eigenskapar er for eksempel korleis noko ser ut, luktar, smaker, kjennest eller kva slags lyd det lagar. Når vi brukar sansane våre, seier vi at vi observerer.
Vis PowerPoint. Sei at de skal sjå nokre bilde av ulike sko. Spør om fjellstøvlar passar til å danse ballett med? Kvifor gjer dei ikkje det? [for stive, harde, for lite bøyelege]. Sei at det passar betre å danse ballett med ballettsko. Kanskje nokon av elevane har erfaring med å danse ballett?
Spør om ballettsko passar til å sparke fotball med? Kvifor gjer dei ikkje det? [for myke, beskyttar ikkje nok, sklir på graset]. Sei at det passar betre å sparke fotball med fotballsko.
Spør om fotballsko passar til å gå i regnet med? Kvifor gjer dei ikkje det? [ikkje heilt vasstette] Sei at det passar betre å gå i regnet med gummistøvlar.
Spør om gummistøvlar passar til å kose seg inne med? Kvifor gjer dei ikkje det? [for harde, for lite mjuke] Sei at det passar betre å kose seg inne med tøflar.
Spør om tøflar passar til å gå på fjellet med? Kvifor gjer dei ikkje det? [ikkje vasstette, for mjuke, sklir] Sei at det passar betre å gå på fjellet med fjellstøvlar.
Oppsummer med å seie at skoa er forskjellige fordi dei brukast til ulike ting. Da treng dei ulike eigenskapar.
Kople til oppdraget. Kva har vi lært som hjelper oss til å løyse oppdraget? Bruk tenk-par-del .