naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Fuglar om våren
Vi har nokre fuglar som overvintrar hos oss og nokre som trekker sørover. Når er det dei ulike fuglane begynner å rope på våren? Når kjem dei ulike trekkfuglane tilbake?
Denne aktiviteten begynner allereie i januar og går gjennom heile våren. Aktiviteten trenar barna i å observere både med å bruke synet og å lytte etter fuglesong. I tillegg lærer barna namnet på mange fuglar.
Heng opp ein plakat i barnehagen på den staden barna har utsikt ut over uteområda til barnehagen. På plakaten skriv de øvst:
Dato | Art | Sett/høyrt | Bilde
De skal både sjå etter ulike fugleartar og høyre etter fuglesong. Bruk ei fuglebok for å bestemme arten når de ser han, og ein CD med fuglesongar eller Kvitre+-appen.
Når de har identifisert ein fugleart, skriv ut eit bilde av fuglen og lim det inn på plakaten.
Bruk våren til å både sjå etter artar og høyre når dei syng for første gong. I januar ser vi ofte blåmeis og kjøttmeis. Når de observerer dei, noter dette ned i skjemaet. Når de høyrer desse fuglane synge for første gong, noter ned dette også. Fuglesongen er eit vårteikn og fuglane syng for å hevde territorium og for å lokke til seg ein make. Kjøttmeis og blåmeis kan finne på å synge allereie i januar, særleg dersom det brått blir varmare i vêret. Sjølv om det ikkje er vår ennå, vil dei gjerne sei frå om at «her er eg, og eg forsvarar dette området».
Vi skil mellom standfuglar, streiffuglar og trekkfuglar. Standfuglane er dei som overvintrar (held stand mot vinteren), som kjøttmeis og blåmeis. Streiffuglar flyr rundt for å finne mat og trekker kanskje litt mot stadar med gunstigare klima. Eit eksempel her er sidensvans. Trekkfuglane trekker til varmare klima. Nokre kanskje berre til sørlege delar av Sverige og Danmark. Andre heilt til Sør-Europa og Afrika.
Utover våren kjem dei første trekkfuglane. Ofte er bokfinken den første. Han kan de både sjå og høyre. Utover sommaren kjem også lauvsongar som er vanskeleg å oppdage, men vi høyrer han tydeleg.
Kven kjem når?
I tabellen under ser de nokre uoffisielle registreringar gjorde våren 2017. Denne kan gi dykk nokre hint om når de kan forvente dei ulike artane:
Månad | Art | Kommentar (dato høyrt synge) |
Januar/februar | Kjøttmeis | Standfugl, song allereie i januar |
Blåmeis | Standfugl, song allereie i januar | |
Grønfink | Standfugl (16. februar) | |
Bjørkefink | Standfugl (20. februar) | |
Stillits | Standfugl (16. februar) | |
Mars | Svarttrost | Trekkfugl, nokre overvintrar (10. mars) |
Gulsporv | Standfugl (11. mars) | |
Bokfink | Trekkfugl (28. mars) | |
April | Raudvingetrost | Trekkfugl, nokre overvintrar (2. april) |
Gjerdesmett | Trekkfugl, nokre overvintrar (2. april) | |
Fuglekonge | Trekkfugl (5. april) | |
Raudstrupe | Trekkfugl, nokre overvintrar (6. april) | |
Gransongar | Trekkfugl (8. april) | |
Linerle | Trekkfugl | |
Sanglerke | Trekkfugl (12. april) | |
Jernsporv | Trekkfugl (12. april) | |
Måltrost | Trekkfugl (12. april) | |
Vipe | Trekkfugl (26. april) | |
Stær | Trekkfugl (28. april) | |
Mai | Lauvsongar | Trekkfugl (4. mai) |
Munk | Trekkfugl (4. mai) | |
Svartkvit flugesnappar | Trekkfugl (4. mai) | |
Heipiplerke | Trekkfugl (5. mai) | |
Låvesvale | Trekkfugl | |
Juni | Taksvale | Trekkfugl |
Tårnseglar | Trekkfugl |
Kommentarer / praktiske tips
Dersom de har fugleforing i barnehagen, er dette ein fin måte å registrere dei artane som kjem på fuglebrettet i løpet av våren.
Rammeplanen
Kapittel 9 Barnehagens fagområder – Natur, miljø og teknologi
Generelt:
- Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får erfaringer med naturen som fremmer evnen til å orientere seg og oppholde seg i naturen til ulike årstider.
- Barnehagen skal legge til rette for at barna kan få et mangfold av naturopplevelser og få oppleve naturen som arena for lek og læring.
Barnehagen skal bidra til at barna:
- opplever og utforsker naturen og naturens mangfold
- får kjennskap til naturen og bærekraftig utvikling, lærer av naturen og utvikler respekt og begynnende forståelse for hvordan de kan ta vare på naturen
- får kunnskap om dyr og dyreliv
Personalet skal:
- legge til rette for mangfoldige naturopplevelser og bruke naturen som arena for lek, undring, utforsking og læring
- gi barna tid og anledning til å stille spørsmål, reflektere og lage egne forklaringer på problemstillinger, og til å delta i samtaler om det de har erfart og opplevd
Materialer og utstyr
- fuglebøker
- Kvitre+-app
- ark til notat