naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- 80–120 minutt
6A. Førebu presentasjon av løysing
Oppfrisking frå forrige økt. Hugsar de kva vi snakka om i forrige økt? Gi elevane litt tid til å tenke sjølve og la så nokre få svare. [fordelar og ulemper med internett: avfall, informasjon, arbeidsplassar, energi ...]
Be elevane ta fram oppdragsbrevet som dei fekk i økt 1.
Ark 1–2 i PowerPoint. Sei: Nå skal de sluttføre løysinga dykkar på oppdraget. De skal først fylle ut tekniske data i skjemaet. Dette skal de ta utgangspunkt i når de skal lage ein film eller ein bildeserie som de skal vise for resten av klassa. Gå gjennom punkt for punkt som ei oppsummering av alle øktene.
Ark 3 i PowerPoint. Sei: De skal også lage eit flytskjema for klesplagget som viser korleis informasjonen går, slik som de tidlegare laga flytskjema for posten og for internett.
Ark 4 i PowerPoint. Spør: Korleis tenker de at ein god presentasjon skal vere? Kva bør presentasjonen av det smarte klesplagget innehalde? Gå gjennom krav til presentasjonen.
Veiled elevane undervegs i førebuingane, både på kva for punkt dei tenker å ha i det tekniske skjemaet og korleis dei vil utforme flytskjemaet. Dette gir deg god informasjon om kva elevane har forstått og kva du treng å forklare.
La to og to elevpar presentere for kvarandre før presentasjonen for heile klassa.