Undervisningsopplegg

Økt 6: Fullfør oppdraget

klær

I desse øktene skal elevane bruke alt dei har lært gjennom dei tidlegare øktene til å presentere ideen sin som svar på oppdraget. Gjennom ein film eller bildeserie skal dei fortelje korleis produktet verkar og korleis systemet er bygd opp. 

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • bruke kunnskap om elektroniske kommunikasjonssystem til å designe eit smart klesplagg
  • visualisere og presentere ideen til det smarte klesplagget gjennom ein film eller bildeserie

Tidsbruk

6A. Førebu presentasjon av løysing  80–120 minutt
6B. Presenter løysing  40–60 minutt
TOTALT  120–180 minutt
Naturfaglig språk

Fagspesifikke begrep

  • adresse
    unik identifikasjonsopplysning for ein geografisk stad eller ein eining
  • basestasjon
    sendar- og mottakarstasjon i mobilnettet
  • binære tal
    tal i totalssystemet som blir uttrykt med symbola 0 og 1
  • binær kode
    informasjon omsett til teikna 0 og 1 som datamaskinar kan lagre og overføre
  • dekning
    geografisk rekkevidde av eit trådlaust nett
    For eksempel mobilnett eller wifi.
  • funksjon
    kva noko gjer, eller kva det brukast til
  • grensesnitt
    kopling mellom to delar av eit kommunikasjonssystem
  • informasjon
    opplysningar som blir sende mellom delane i eit kommunikasjonssystem
  • internett
    globalt elektronisk kommunikasjonssystem som du kan koble deg til trådlaust eller med kabel
  • kryptering
    omforming av data slik at informasjonen dei inneheld ikkje kan lesast av uvedkommande
  • mottakar
    endepunkt for ei informasjonsoverføring
  • sampling
    avlesing av et signals nivå ved faste tidsintervaller og omforming av nivået til en digital tallverdi
  • sendar
    startpunkt for ei informasjonsoverføring
  • system
    noko som består av fleire delar som verkar saman

Forskerspirebegrep

  • kravspesifikasjon
    skildring av eigenskapar og funksjonar som eit produkt skal ha
  • modell
    forenkla framstilling, for eksempel ein gjenstand eller ein figur, som hjelper oss å forstå noko
Forsøk og praktisk arbeid

Førebuing og utstyr

1. Gjer deg kjent med læringsmåla (sjå førre side) og omgrepa som er sentrale i denne økta (markert med utheva skrift).

2. Gjer deg kjent med / tilpass PowerPoint-presentasjonen dersom du vil bruke han.

3. Skriv ut dommarskjema til kvart elevpar.

4. Avklar kva utstyr elevane skal bruke for å lage film/bildeserie.

Forsøk og praktisk arbeid

6A. Førebu presentasjon av løysing

Oppfrisking frå forrige økt. Hugsar de kva vi snakka om i forrige økt? Gi elevane litt tid til å tenke sjølve og la så nokre få svare. [fordelar og ulemper med internett: avfall, informasjon, arbeidsplassar, energi ...] 

Be elevane ta fram oppdragsbrevet som dei fekk i økt 1.

Ark 1–2 i PowerPoint. Sei: Nå skal de sluttføre løysinga dykkar på oppdraget. De skal først fylle ut tekniske data i skjemaet. Dette skal de ta utgangspunkt i når de skal lage ein film eller ein bildeserie som de skal vise for resten av klassa.  Gå gjennom punkt for punkt som ei oppsummering av alle øktene. 

Ark 3 i PowerPoint. Sei: De skal også lage eit flytskjema for klesplagget som viser korleis informasjonen går, slik som de tidlegare laga flytskjema for posten og for internett. 

Ark 4 i PowerPoint. Spør: Korleis tenker de at ein god presentasjon skal vere? Kva bør presentasjonen av det smarte klesplagget innehalde? Gå gjennom krav til presentasjonen.

Veiled elevane undervegs i førebuingane, både på kva for punkt dei tenker å ha i det tekniske skjemaet og korleis dei vil utforme flytskjemaet. Dette gir deg god informasjon om kva elevane har forstått og kva du treng å forklare.

La to og to elevpar presentere for kvarandre før presentasjonen for heile klassa. 

 

Forsøk og praktisk arbeid

6B. Presenter løysing

Del ut dommarskjema til kvart elevpar. Be dei vurdere kvar presentasjon ut frå ein skala frå 1 til 10. 

La elevane vise filmane/bildeseriane sine, 3 minutt per elevpar.

Saml inn dommarskjemaa og summer opp for å kåre ein vinnar.