naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Korleis få noko til å flyte?
Engasjere
Del ut ein oppblåst ballong til kvar smågruppe. Dytt ballongen ned i vatnet. Kva kjenner de? Kvifor trur de at det er vanskeleg å dytte ballongen ned i vatnet?
Utforske
Undersøk kva forma på ein gjenstand har å seie. Kva trur de kan få aluminiumsfolie/modelleire til å flyte? Kva kan få han til å søkke? Korleis kan de prøve det ut?
Korleis kan de forme folien/modelleira slik at de får flest mogleg småstein oppi? Ta utgangspunkt i folie av bestemt størrelse for å samanlikne ulike former.
Kan de finne andre materiale å lage båt av?
Forklare
Elevane teiknar eller skriv ned resultata frå undersøkingane. Kva har størrelsen og forma å seie for flyteevna? Kva er det som gjer at noko flyt? Elevane fortel kva dei fann ut med støtte i det dei har skrive ned. Bland smågruppene, slik at elevane fortel til nokon dei ikkje sorterte saman med.
Korleis kan ein båt av metall flyte i vatnet? Fordi han har luft inni seg vil båten flyte (dersom vi hadde forma metallet til ein tett klump, ville han søkke). Båten blir løfta like mykje oppover som han blir trekt nedover.
Tenk tilbake på druene i farrisen. Kan de nå forklare kvifor druene gjekk opp og ned?
Kommentarer/praktiske tips
Det kan vere ei utfordring å få aluminiumsfolien til å søkke. Dersom vi krøllar han saman, vil det bli mykje luft inni som gjer at han flyt. For å få han til å søkke, må vi brette han godt saman. Dersom vi legg han på vatnet som eit flak, vil han flyte på overflatehinna, sjølv om tettleiken til aluminium er større enn vatn.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
2. trinn
- undre seg, utforske og lage spørsmål, og knytte dette til egne eller andres erfaringer (KM679)
- presentere funnene sine og beskrive hvordan eleven har kommet fram til dem (KM784)
- utforske og beskrive observerbare egenskaper til ulike objekter, materialer og stoffer og sortere etter egenskaper (KM786)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
- store baljer
- vatn
- kniv/saks
- aluminiumsfolie/modelleire
- ballongar