Undervisningsopplegg
Passer for
  • barnetrinn 1-2
Tidsbruk
  • 3-4 timar

Kva flyt og kva søkk?

I dette opplegget skal elevane undersøke kva som flyt og kva som søkk i vatn. Dei skal i stor grad prøve ut sjølv og få eigne erfaringar, slik at dei kan sortere i de to kategoriane. 

flyte og synke-2 Dette er eit opplegg som kombinerer øving på å sortere med det å få erfaringar med fysiske eigenskapar som tyngde og volum. Sjå også naturfag.no: «Forsøk med flyting og søkking». Å sortere er ein viktig prosess i naturfag. Det kan vere ulike eigenskapar vi sorterer etter, som farge, form eller funksjon. I dette opplegget er sorteringskriteriet om ein ting flyt eller søkk i vatn. Elevane må først observere kva som skjer med tinga og så formidle resultata av undersøkingane ved å legge ting fysisk i to haugar eller teikne tinga i to boksar. 

Så kva er det som gjer at noko flyt eller søkk? Kor tung tingen er vil vere avgjerande. Ein tung stein søkk raskt til botnen, mens lett isopor vil flyte i vatnet. Viss vi tar ein stein og ein isoporbit som er like store, vil det bli ei rettferdig samanlikning; størrelsen er lik, men tyngda er forskjellig. 

Korleis speler størrelsen på tingen inn? Og korleis kan ein stor båt flyte medan ein liten stein søkk? Ved å forme ein ting på ulike måtar kan vi endre på om tingen flyt eller søkk. Ein klump med modelleire vil søkke i vatnet, men viss vi endrar forma til ein hol båt, kan vi få klumpen til å flyte. Da tar han større plass i vatnet og skyv unna meir vatn. Da aukar oppdrifta til båten, det vil seie at krafta frå vatnet på båten blir større, og han flyt «lettare». For å sjå på kva forma har å seie, må vi bruke den same mengda modelleire til dei ulike variantane (vi endrar ein ting av gongen).

Massetettleik er eit avansert omgrep som det tar tid å forstå innhaldet av. Definisjonen av massetettleik er masse per volum. Det er ikkje nødvendigvis dette omgrepet som skal lærast, men grunnleggande erfaringar om kva som flyt og kva som søkk vil vere med på å legge til rette for ei god forståing av omgrepet seinare. Arkimedes lov kan formulerast slik: «ein gjenstand som er i vatn fortrenger ei viss vassmengd. Oppdrifta til gjenstanden er lik tyngda av vassmengda som er fortrengt».

Eit utforskande opplegg må gje elevane rom for å reflektere og undersøke før dei får servert ein fagleg forklaring. Ein oppstartsaktivitet som «druer i farris» har til hensikt å vekke undring og engasjement. Derfor er det et lurt å vente med å komme med den riktige forklaringa til etter at elevane har fått prøvd ut kva som flyt og kva som søkk. Etter utprøvinga kan elevane først formulere si forklaring på drue-forsøket, før du supplerer med den riktige naturfaglege forklaringa.    

Læringsmål

  • sortere ulike gjenstandar etter om dei flyt eller søkk i vatn
  • forklare kvifor nokre av gjenstandane flyt og nokre søkk i vatn ved å bruke omgrepa lett/tung og stor/liten

Nøkkelord og omgrep 

Flyte, søkke, lett, tung, stor, liten, luft, metall.

flyte og synke -1  

Vurdering

Undervegs i opplegget er det viktig å snakke med elevane for å finne ut korleis dei tenker og vurdere om dei er klare for å gå vidare i opplegget. Vurder kva for spørsmål som skal stillast for å leie elevane vidare i utforskinga og for å finne ut kva elevene veit og tenker. Særleg i engasjeredelen er det lurt med opne spørsmål der elevane blir oppmoda til å sette ord på eigne tankar, for å finne ut kva dei veit om emnet og få dei til å reflektere. 

Opplegget avsluttast med ei felles sorteringsoppgåve der du viser ulike gjenstandar. Elevene avgjer om dei meiner at gjenstandane flyt eller søkk. Dei må grunngje kvifor dei meiner som dei gjer før de testar om dette stemmer. Elevane viser også fram teikningane og notata sine.

 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 2. trinn
      • undre seg, utforske og lage spørsmål, og knytte dette til egne eller andres erfaringer (KM679)
      • presentere funnene sine og beskrive hvordan eleven har kommet fram til dem (KM784)
      • utforske og beskrive observerbare egenskaper til ulike objekter, materialer og stoffer og sortere etter egenskaper (KM786)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Nettressurser

Forsøk og praktisk arbeid

Utforsking av kva som flyt og kva som søkk

Engasjere

Start opplegget med å sleppe druer eller rosiner ned i et glas med farris og observer kva som skjer (sjå «Druer i brus»). Kvifor trur de at druene går opp og ned?  

Slepp også ein vanleg majonestube i eit beger med vatn og observer at han søkk. Slepp så ein lettmajonestube oppi (sjå naturfag.no: «demonstrasjonsforsøk – del 1»). Trur de at ein lett-majonestube også søkk? 

«Tenk – par – del»: Kvifor trur de noko flyt og noko søkk i vatn? La elevane tenke gjennom spørsmålet på eiga hand først i eit minutt, før to-tre elevar fortel kvarandre kva dei trur og til slutt får nokon si i plenum kva dei tenkte.

Utforske

La elevane gå i smågrupper på jakt i nærområdet for å finne gjenstandar som dei skal sjekke om flyt eller søkk i vatn. La dei undersøke om gjenstandane flyt eller søkk og sorter gjenstandane i ein flytehaug og ein søkkehaug. 

Kan de finne ut om gjenstandane som flyt har noko til felles? Kva med dei som søkk? 

Korleis kan de finne ut om størrelsen på gjenstanden har noko å seie? Kan de prøve å dele opp nokre av gjenstandane?

Korleis kan de finne ut om tyngda av gjenstandane har noko å seie? Kan de vege nokre av gjenstandane? 

Kvifor trur de noko flyt og noko søkk i vatn? Kvifor trur de noko flyt og noko søkk i vatn?

Forklare

La elevane teikne eller skrive ned resultata frå undersøkingane. Bruk for eksempel to sirklar, ein med overskrifta «flyt i vatn» og ein «søkk i vatn». Fyll ut sirklane med eksemplar på noko av det som flaut/sokk (teikningar eller ord). 

Elevane fortel kva dei fann ut med støtte i det dei har skrive ned. Bland smågruppene, slik at elevane fortel til nokon dei ikkje sorterte saman med.

Korleis vil de forklare kvifor tingen flyt eller søkk? 

Det er viktig å skrive ned resultata. Det er viktig å skrive ned resultata. Her fyller elevane ut i eit hefte etter kvart som dei testar ut. Her fyller elevane ut i eit hefte etter kvart som dei testar ut.

Utvide

Vatn sorterer leire, sand og grus. Kvar finner vi større steinar, kvar finner vi sand? Kvifor trur de det blir slik? Dei største steinane søkk raskast i vatnet. Dette kan vi sjå ved at vi finn større steinar i elva, sand nede ved sjøen og leire ute i havet. 

Kva for materiale kan båtar vere laga av? Kva fann vi ut om metall – flyt det? Dersom metall søkk, korleis kan da ein metallbåt flyte? Vi set det vi har funne ut i samanheng med «det verkelege liv» og stimulerer til ny utforsking. Har forma noko å seie for flyteevna?

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan før utforskinga teikne eller skrive kva dei trur vil flyte eller søkke i vatn, og etter utforskinga kva dei faktisk ser. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 2. trinn
      • undre seg, utforske og lage spørsmål, og knytte dette til egne eller andres erfaringer (KM679)
      • presentere funnene sine og beskrive hvordan eleven har kommet fram til dem (KM784)
      • utforske og beskrive observerbare egenskaper til ulike objekter, materialer og stoffer og sortere etter egenskaper (KM786)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

  • druer/rosinar
  • farris
  • vanleg majonestube
  • lett-majonestube
  • store baljer
  • vatn
  • ulike gjenstandar i tillegg til det elevane sjølv finn (isopor, svamp, leire, sand, grus)
Forsøk og praktisk arbeid

Korleis få noko til å flyte?

Engasjere

Del ut ein oppblåst ballong til kvar smågruppe. Dytt ballongen ned i vatnet. Kva kjenner de? Kvifor trur de at det er vanskeleg å dytte ballongen ned i vatnet?

Utforske

Undersøk kva forma på ein gjenstand har å seie. Kva trur de kan få aluminiumsfolie/modelleire til å flyte? Kva kan få han til å søkke? Korleis kan de prøve det ut?

Korleis kan de forme folien/modelleira slik at de får flest mogleg småstein oppi? Ta utgangspunkt i folie av bestemt størrelse for å samanlikne ulike former.

Kan de finne andre materiale å lage båt av? 

Ivrige elevar testar flyteevna i ei balje med vatn. Ivrige elevar testar flyteevna i ei balje med vatn.

Forklare

Elevane teiknar eller skriv ned resultata frå undersøkingane. Kva har størrelsen og forma å seie for flyteevna? Kva er det som gjer at noko flyt? Elevane fortel kva dei fann ut med støtte i det dei har skrive ned. Bland smågruppene, slik at elevane fortel til nokon dei ikkje sorterte saman med.

Korleis kan ein båt av metall flyte i vatnet? Fordi han har luft inni seg vil båten flyte (dersom vi hadde forma metallet til ein tett klump, ville han søkke). Båten blir løfta like mykje oppover som han blir trekt nedover. 

Tenk tilbake på druene i farrisen. Kan de nå forklare kvifor druene gjekk opp og ned?

Gjennom samtale må ein setje ord på kva ein har funne ut. Gjennom samtale må ein setje ord på kva ein har funne ut.   Engasjerte elevar konfererer med læraren. Engasjerte elevar konfererer med læraren.

Kommentarer/praktiske tips

Det kan vere ei utfordring å få aluminiumsfolien til å søkke. Dersom vi krøllar han saman, vil det bli mykje luft inni som gjer at han flyt. For å få han til å søkke, må vi brette han godt saman. Dersom vi legg han på vatnet som eit flak, vil han flyte på overflatehinna, sjølv om tettleiken til aluminium er større enn vatn.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 2. trinn
      • undre seg, utforske og lage spørsmål, og knytte dette til egne eller andres erfaringer (KM679)
      • presentere funnene sine og beskrive hvordan eleven har kommet fram til dem (KM784)
      • utforske og beskrive observerbare egenskaper til ulike objekter, materialer og stoffer og sortere etter egenskaper (KM786)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

  • store baljer
  • vatn
  • kniv/saks
  • aluminiumsfolie/modelleire
  • ballongar