naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Undervisningsopplegg
Økt 1: Kva er teknologi?
I denne økta får elevane i oppdrag å gjere endringar på eit teknologisk produkt og reklamere for at endringane bidrar til ei meir berekraftig utvikling. Elevane lærer om teknologi og om teknologiske prinsipp, og om at ulike teknologiar oppstår som resultat av eit behov, eit problem eller heilt tilfeldig.
Læringsmål
Elevane skal kunne
- gi døme på og beskrive kva teknologi er
- beskrive dei ulike delane av eit teknologisk system
Tidsbruk
Presentere oppdrag | 5 minutt |
Bildeaktivitet | 20 minutt |
Om teknologi | 5 minutt |
Leseoppdrag | 15 minutt |
Finn løysning på ei kvardagsutfordring | 15 minutt |
Analyser eit teknologisk produkt | 20 minutt |
Kople til oppdrag | 10 minutt |
TOTALT | 90 minutt |