naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Undervisningsopplegg
Økt 3: Forbrenningsreaksjonar og det langsame krinsløpet
I denne økta skal elevane samanlikne forbrenningsreaksjonar rundt oss med forbrenningsreaksjonar i kroppen. Dei skal lese meir om desse forbrenningsreaksjonane og fortelje om dei til kvarandre. Vidare skal dei lære at forbrenning av fossile brensel flyttar karbon frå det langsame til det raske krinsløpet.
Læringsmål
Elevane skal kunne
- forklare kva ein forbrenningsreaksjon er og gi eksempel på forbrenningsreaksjonar
- forklare at energi blir frigjord i forbrenningsreaksjonar
- forklare korleis det raske og det langsame krinsløpet til karbon heng saman
Tidsbruk
Lese og fortelje til kvarandre | 20–25 minutt |
Om forbrenningsreaksjonar | 5–10 minutt |
Det langsame krinsløpet | 10–15 minutt |
Oppsummering / kople til oppdraget | ca. 10 minutt |
TOTALT | 45–60 minutt |
Naturfaglig språk
Fagspesifikke begrep
-
atmosfærenluftlaget som omgir jorda
-
biobrenselbrensel framstilt av biologisk materiale, kan også kallast biodrivstoff
-
biokolkol som er laga av biologisk materiale, blir brukt som eit karbonlager og for å forbetre jordsmonnet
-
celleandingprosess i levande celler som frigjer energi frå næringsstoff
-
det langsame karbonkrinsløpetflytting av karbon mellom karbonlager i jordskorpa som tar tusenvis av år
-
det raske karbonkrinsløpetflytting av karbon i atmosfære, hav, skog og jordsmonn
-
drivhuseffektnaturleg prosess der gassar i atmosfæren bidrar til oppvarming av jorda
-
energinoko som kan få noko til å skje
-
forbrenningsreaksjonkjemisk reaksjon mellom eit stoff og oksygengass der det blir gitt energi til omgivnadane
-
forvitring og erosjonnedbryting av fjell, stein og jord på grunn av vann, vær og vind, dette frigjer karbon
-
fossilt brenselbrensel av fossile kjelder som olje og gass
-
fotosynteseprosess i planter der vatn og karbondioksid blir omdanna til oksygen og glukose ved hjelp av lysenergi
-
grunnstoffstoff som er bygd opp av same type atom
-
kalksteinkarbonhaldig bergart som blir danna ved at korallar, skjel og skal frå mikroorganismar blandar seg med sand og leire på havbotnen og etter kvart blir pressa saman
-
karbonfangst og -lagring (CCS)tiltak for å skilje ut og oppbevare karbondioksid på ein permanent måte
-
karbonlageroppsamling av karbonsambindingar i jord, hav, fjell, skog osv., skjer naturleg eller ved hjelp av menneske
-
karbonsambindingsambinding som mellom anna består av karbon
-
kjemisk reaksjonprosess der eitt eller fleire kjemiske stoff reagerer og dannar nye stoff
-
kjemisk sambindingstoff som består av to eller fleire grunnstoff der atoma er bundne saman med kjemiske bindingar.
-
klimatiltaktiltak for å redusere utslepp av karbondioksid eller gjere andre klimatilpassingar
-
krinsløpein lukka bane som noko beveger seg i
-
livsprosessprosess som skjer i levande organismar, som celleanding, vekst og formering
-
massebevaringdet at det er like mange atom av kvar type før og etter ein kjemisk reaksjon
-
myropen våtmark der nedbrytinga av daudt organisk materiale går så sakte, på grunn av liten tilgang på oksygen, at det hopar seg opp som torv
-
organismelevande vesen
For eksempel eit dyr, ei plante, ein bakterie eller ein sopp. -
prosessforløp eller utvikling gjennom fleire stadium
-
reaksjonslikningbeskriving av stoffa som inngår i ein kjemisk reaksjon med atomsymbol og kjemiske formlar
-
sluttstoffstoff som blir laga i ein kjemisk reaksjon, står til høgre for reaksjonspila
-
utgangsstoffstoff som reagerer i ein kjemisk reaksjon Utgangsstoffa står til venstre for pila i ei reaksjonslikning.
Forskerspirebegrep
-
argumenteregrunngi ein påstand
-
forklaregjere noko tydeleg
-
modellforenkla framstilling, for eksempel ein gjenstand eller ein figur, som hjelper oss å forstå noko
-
vurderebedømme kvaliteten av noko