Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Kor fort går lyset?

8.10 Hvor raskt beveger lyset seg NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål |nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Sei: Vi klarer ikkje måle lysfarten, og vi klarer ikkje måle kor langt unna stjernene er. Korleis trur du forskarar klarer å måle dette? Bruk  tenk-par-del . La elevane bruke internett for å finne ut om ideane deira stemmer. 

Spør: Kva veit de om lysbrytning? Kvifor trur det at tynne glastrådar som vi kallar optiske fibre blir bruka til telenettet? 

Sei: Lysfarten i vakuum er litt under 300 000 000 m/s. Stjernene på himmelen er veldig langt unna jorda. Det tar litt over 4 år for lyset frå den nærmaste stjerna, Proxima Centauri, å nå oss. Lyset frå objektet som er lengst borte i universet som vi kjenner til har bruka omtrent 13 milliardar år for å nå oss, altså 13 000 000 000 år. Lysfarten i luft er litt mindre, men berre omtrent 0,03 %, så han er nesten den same som i vakuum. Lyset går saktare gjennom gjennomsiktige gjenstandar, omtrent 25 % saktare i vatn og omtrent 33 % saktare i nokre typar glas. 

Be elevane skissere korleis lyset bøyer seg når det går frå luft il vatn eller glas. 

 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • Vg1 SF
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
    • 10. trinn
      • gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)