Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Tryll bort begerglaset

Korleis kan eit begerglas tilsynelatande bli borte?

Læringsmål

Elevane skal 

  • erfare at det vi ser heng saman med korleis lyset blir reflektert og brote

Gjer dette forsøket som eit demonstrasjonsforsøk for elevane:

Sett det minste begerglaset oppi det største.

Hell olje i det minste glaset. Fortsett også når det renn over, heilt til oljen har dekt det minste begerglaset. 

Spør elevane kva dei ser [glaset oppi olja blir usynleg]. Spør kva dei trur kan vere grunnen til dette [lyset i olja og glaset blir brote omtrent likt, slik at vi ikkje ser kantane på glaset]. 

Begerglass i olje Begerglass

 

Brytningsindeksen til olja og glaset er omtrent den same. Derfor blir glaset usynleg når det står oppi olja, vi kan berre ane konturane dersom vi ser nøye etter. Når glaset og det rundt har same optiske eigenskapar, er det ingen flater som reflekterer eller bryt lyset. Dersom elevane hadde hatt same eigenskapar som luft, ville dei ikkje vere synlege for læraren!! 

Materialer og utstyr

  • eit stort begerglas
  • eit lite begerglas som kan settast ned i det store begerglaset
  • rapsolje

Tema

Nettressurser