naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Fosterdiagnostikk
Fosterdiagnostikk vil seie at ein undersøkjer fosteret i mors mage for å finne ut om det er noko gale med det.
Det finst ulike metodar for bruk i fosterdiagnostikk. Ein kan undersøkje fosteret ved ultralyd eller ved hjelp av å ta prøve av fostervatnet eller morkaka. Det er og mogleg å ta blodprøver av mora for å sjekke om fosteret har kromosomavvik.
Etiske problemstillingar
Det er fleire etiske problemstillingar kopla til bruk av fosterdiagnostikk. Her er nokre:
- Er det riktig å sjekke foster i mors mage dersom dette vil føre til at kvinna vel å ta abort?
- Kva metodar skal ein få bruke for å sjekke fosteret?
- Kva skal det vere lov å sjekke for?
Norsk lov
Bruk av fosterdiagnostikk er regulert i bioteknologilova, mens tilgang til abort er regulert i lov om svangerskapsavbrudd — abortlova.
Det er fleire krav som må oppfyllast for at par skal få fosterdiagnostikk. Det kan vere at ein har alvorleg, arveleg sjukdom i familien og at ein allereie har barn med denne sjukdomen (her er det òg eit alternativ å bruke preimplantasjonsdiagnostikk (PGD), les meir om det i eigen artikkel).
Kvinner som er over 38 år får fosterdiagnostikk for å sjå etter kromosomavvik hos fosteret.
I Noreg kan kvinner ta abort før tolvte svangerskapsveke, men dersom det er noko alvorleg gale med fosteret, er det mogleg å ta abort fram til 22. svangerskapsveke etter godkjenning frå ei nemnd. Etter 22. svangerskapsveke blir det berre gjort dersom det er fare for mors liv.