Hopp til hovedinnhold
Undervisningsopplegg

Økt 5: Fullfør oppdraget

I denne økta skal elevane bruke alt dei har lært gjennom dei tidlegare øktene til å presentere ideen sin som svar på oppdraget. Gjennom ein film eller bildeserie skal dei fortelje korleis produktet verkar og korleis systemet er bygd opp.

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • bruke kunnskap om elektroniske kommunikasjonssystem til å utvikle ein ide til eit smart klesplagg
  • visualisere og presentere ideen til det smarte klesplagget gjennom ein film eller bildeserie
  • formidle eigen produktidé og vurdere arbeid og formidling til medelevar.

Tidsbruk

5A. Førebu presentasjon av løysing 30–40 minutt
5B. Presenter løysing 50–70 minutt
5C. Summer opp 10 minutt
TOTALT 90–120 minutt