Hopp til hovedinnhold
Undervisningsopplegg

Økt 2: Undersøke eigenskapar

vindu Foto: www.pixabay.com I denne økta skal elevane undersøke kva for eigenskapar ulike sko har og kva for stoff dei er laga av. Dei skal også kople ulike eigenskapar til ulike gjenstandar. 

Læringsmål

Elevene skal kunne 

  • gjenkjenne stoff som har bestemte eigenskapar
  • beskrive kva eigenskapar ulike stoff eller gjenstandar har

Tidsbruk 

Undersøke ulike sko 30–40 min
Kople ulike eigenskapar til ulike ting 15–20 min
TOTALT 45–60 min

 

Naturfaglig språk

Fagspesifikke begrep

  • eigenskap
    korleis eit stoff ser ut, luktar, smakar, kjennest, kva slags lyd det lagar eller korleis det blandar seg med andre stoff
  • stoff
    det som alle ting er laga av. Ulike stoff har ulike eigenskapar.

Forskerspirebegrep

  • begrunne
    fortelje kvifor man meiner noko
  • beskrive
    fortelje med ord eller bilde korleis noko er
  • observere
    bruke sansane til å få informasjon om noko
  • samanlikne
    sjå etter kva som er likt og ulikt mellom to eller fleire ting
  • sortere
    dele inn i grupper etter observerbare kjenneteikn