Undervisningsopplegg
Passer for
  • barnetrinn 3-4
Tidsbruk
  • 3-4 timar

Kva er forskjell på ferskvatn og saltvatn?

I dette opplegget skal elevane få erfaring med kva saltvatn er og nokre av eigenskapane til ferskvatn og saltvatn.

Steiner som er dekt med salt ved Dødehavet i Israel. Steiner som er dekt med salt ved Dødehavet i Israel. Sjøvatn kan innehalde ulik mengde salt, men havvatn har omtrent 3,5 % saltinnhald (først og fremst natriumklorid, men også andre salt). Vi kan enkelt lage vårt eige saltvatn ved å løyse vanleg bordsalt (natriumklorid) i vatn. Vi får løyst meir salt i varmare vatn, og havsalt blir meir usynleg i vatnet enn salt tilsett jod. 

Saltvatn er eit eksempel på ei blanding av to stoff; salt og vatn. Når saltet er heilt jamt fordelt i vatnet, kallar vi blandinga ei løysning. Saltvatn ser ut som vanlig vatn når saltet er helt løyst opp. Likevel er saltet der. Vi kan smake det. Eller vi kan sjå det om vi let alt vatnet fordampe. Vatnet fordampar frå løysninga og saltet blir verande igjen ved oppvarming eller om saltvatnet står lenge nok. 

Ein annan måte å erfare at vatn og saltvatn har ulike eigenskapar er å legge planter eller halde huda vår nedi. Cellene vil svelle i vatn og skrumpe i saltvatn. Grunnen til dette er konsentrasjonsforskjellen på utsida og innsida av cellene. Inni cellene er det salt, så i reint vatn er vasskonsentrasjonen høgare på utsida. Da vil vatnet flytte seg frå der det er høgast konsentrasjon til der det er lågast, det vil seie at vatnet går inn i cellene som dermed svell. I saltvatn er det meir salt enn inni cellene, vasskonsentrasjonen er høgare inni cellene enn utanfor, slik at vatnet går ut av cellene og dermed skrumpar. Denne vasstransporten frå høg til låg konsentrasjon ut eller inn av cellene kallast osmose.

Saltvatn har større tettleik enn reint vann. Det vil seie at same volum inneheld fleire partiklar, partiklane sit tettare. Dette gjer at saltvatn søkk i ferskvatn, mens reint vatn flyt over saltvatn. 

Læringsmål

  • fortelje kva saltvatn er 
  • gjere forsøk med oppvarming av saltvatn og beskrive kva som skjer 
  • gjere forsøk med planter i vatn og i saltvatn og fortelje kva som skjer 

Nøkkelord og omgrep 

Løysning, blanding, reint stoff, fordampe, oppløyst, saltvatn, ferskvatn, stoff, salt, skrumpe, svelle.

Samandrag

Engasjer elevane ved å samtale om kva som er forskjell på saltvatn og ferskvatn. Ta utgangspunkt i kvardagserfaringar dei har med å bade i salt- og ferskvatn. Vis egg i ferskvatn og i saltvatn. La elevane utforske måtar å skilje vatnet og saltet i saltvatn. La elevane forklare kva saltvatn består av og suppler med naturfaglege omgrep. Utvid temaet ved å samtale om kor saltet i sjøen kjem frå.

Engasjer vidare ved å ta utgangspunkt i erfaringa med at hud skrukkar seg i vatn. La elevane utforske kva som skjer med løvetannstilkar og hud i vatn og i saltvatn. Forklar kvifor det blir ein forskjell. Utvid ved å samtale om korleis nokre plantar toler saltvatn.

Utforsk vidare isbitar som smeltar i ferskvatn og i saltvatn. Forklar observasjonar og temperaturregistreringar. 

Vurdering

Undervegs i opplegget er det viktig å snakke med elevane for å finne ut korleis dei tenker og vurdere om dei er klare for å gå vidare i opplegget. Vurder kva for spørsmål som skal stillast for å leie elevane vidare i utforskinga og for å finne ut kva elevene veit og tenker. Særleg for å engasjere er det lurt med opne spørsmål der elevane blir oppmoda til å sette ord på eigne tankar, for å finne ut kva dei veit om emnet og få dei til å reflektere. 

Opplegget avsluttast med at elevane lagar ein plakat med bilde som dei har tatt undervegs. Dei fortel kva dei har gjort og kva dei har funne ut om ferskvatn/saltvatn. 

 

Forsøk og praktisk arbeid

Skilje vatnet og saltet i saltvatn

Engasjere

Start med å vise eit begerglas med saltvatn og eit begerglas med ferskvatn. Kva ser de her? Korleis trur de vi kan finne ut om det er det same i begge glasa? 

Saltvatnet er farga rosa. Saltvatnet er farga rosa. Slepp eit rått egg ned først i eit glas med ferskvatn og etterpå i eit glas med saltvatn. Alternativt kan du helle ferskvatnet forsiktig over saltvatnet (40 g havsalt per dl vatn), slik at det blir to lag. Kva trur de vil skje med egget i ferskvatnet? Og i saltvatnet?

NRK har ein film som viser aktiviteten: «Egg flyter i saltvann» (sjå også aktivitetane «Synker egget?» og «Demonstrasjonsforsøk – del 2»). De vil observere at egget søkk i ferskvatn (så sant egget er ferskt nok), men flyt i saltvatn (så sant det er nok salt). Når ferskvatnet flyt over saltvatnet, vil egget flyte i mellomsjiktet. Kvifor trur de egget flyt i saltvatn og søkk i ferskvatn? Korleis er det å bade i saltvatn i forhold til i ferskvatn? Har nokon høyrt om eller bada i Daudehavet? 

Utforske

Oppdrag: skilje vatnet og saltet i saltvatn. 

Kva trur de saltvatn består av? Kva for stoff trur de vi finn i saltvatn? 

Korleis kan vi skilje salt og vatn frå kvarandre? Korleis kan de samle opp vatnet som fordampar?

Tips

  • Ta saltvatn på hendene eller legg nokre få dråper på ein skål og følg med på kva som skjer. 
  • Fyll to skålar med saltvatn, ta plastfolie over den eine for å samle vassdråper. La stå til neste dag.
  • Bruk stormkjøkken for å varme opp saltvatnet, avkjøl vassdampen for kondensering.

På kystskolar kan elevane hente saltvatn frå sjøen. På kystskolar kan elevane hente saltvatn frå sjøen.

Forklare

Elevane fortel kva dei fann ut med støtte i det dei har skrive ned. Bland smågruppene, slik at elevane fortel til nokon dei ikkje prøvde ut saman med.

Kva fann de ut at saltvatn består av? Kva kan vi gjere for å sjå saltet som er i saltvatnet?

Saltvatn er ei blanding av salt og vatn der vi seier at saltet er løyst i vatnet. Saltvatn kallast ei løysning. Vi kan skilje saltet frå vatnet ved å la vatnet fordampe, da blir saltet liggande igjen. 

Utvide

Ei måte å utvide temaet på er å snakke om kvifor havet er salt. Kvar trur de saltet i sjøen kjem frå? På www.usgs.gov finn du ein interessant artikkel om temaet; «Why is the Ocean Salty?».

 

 

Faglig forklaring

Saltvatn har høgare massetettleik enn ferskvatn. Eit egg vil ha høgare tettleik enn ferskvatn og dermed søkke i ferskvatn, men lågare tettleik enn saltvatn og dermed flyte i saltvatn.

Salt som løyst opp i vatn, vil ikkje vere synleg sjølv om det er der. 

Kommentarer/praktiske tips

Her er hensikta at elevane skal bli engasjert gjennom samtalen om kva som er forskjell på saltvatn og ferskvatn. Ved å ta utgangspunkt i kvardagserfaringar dei har med å bade i salt- og ferskvatn blir temaet knytt til noko kjent. Kva elevane har av forkunnskapar om saltvatn og ferskvatn kjem fram. Demonstrasjonen av egget som flyt i saltvatn og søkk i ferskvatn har til hensikt å få elevane til å undre seg over kvifor dette skjer. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 4. trinn
      • utforske og beskrive vannets kretsløp og gjøre rede for hvorfor vann er viktig for livet på jorda (KM763)
    • 7. trinn
      • utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

  • ukokt egg
  • gjennomsiktig glass
  • saltvatn (40 g havsalt per dl vatn)
  • ferskvatn
  • ei skål til kvar gruppe
  • evt plastfolie
  • evt stormkjøkken eller annan varmekjelde
Forsøk og praktisk arbeid

Hud og løvetann

Kva skjer med huden hvis de badar lenge? Er det forskjell på å bade i ferskvatn og saltvatn? Korleis kan de finne ut om det er ein forskjell?

Engasjere

Ta utgangpunkt i elevanes erfaringar frå bading. Kva skjer med huda dersom de badar lenge? Blir det forskjellig i ferskvatn og saltvatn? Dette er noko vi kan lett kan sjekke ut. Korleis kan de finne ut om det er ein forskjell?

Utforske

Oppdrag 1: Hald den eine handa i ein bolle med saltvatn og den andre i ein bolle med ferskvatn. Observer kva som skjer, samanlikn dei to hendene og beskriv.

Oppdrag 2: Finn løvetann dersom det er sesong for det, klipp stilkenden på langs og undersøk kva som skjer når stilkane ligg i ferskvatn og i saltvatn. Alternativt bruk lange remser av potetskrell (sjå «Osmose i potetskrell»). Samanlikn stilkar/remser i ferskvatn og i saltvatn, dokumenter ved å ta bilde undervegs.

Kva trur de skjer om de tar ein stilk som har lege i ferskvatn og legg han i saltvatn? Kva trur de skjer dersom de held fingrane ei stund i ferskvatn/saltvatn?

  • saltvann-4
  • saltvann-5
  • Saltvann-6

Forklare

Kan de beskrive kva som skjedde med løvetannstilkane/potetremsene? Korleis så huda ut etter ei stund i ferskvatnet/saltvatnet?

Det er innsida av stilkane/remsene som er påverkeleg for vatn, mens utsida er dekt av eit vokslag. Vatnet vil gå inn i cellene, slik at dei blir større (svell). Stilkar i saltvatn vil bli slappe, fordi vatnet inni cellene går ut i saltvatnet (skrumpar).  

I huda går vatnet inn i dei yttarste cellene, slik at desse svell. Huda blir «større» og må folde seg for å «få plass». 

Utvide 

Trur de at planter kan leve i saltvatn? Kva trur de kan skje med plantene i saltvatn? 

Mange planter vil døy i saltvatn, fordi dei tørkar ut. Nokre saltvassplanter har tilpassa seg ved å ha høgare saltkonsentrasjon enn vatnet utanfor, da går ikkje vatnet ut. Andre har tjukke, saftfylte blad, med tjukk hud og vokslag som beskyttar mot uttørking.

 

Faglig forklaring

Cellene vil svelle i vatn og skrumpe i saltvatn. Grunnen til dette er konsentrasjonsforskjellen på utsida og innsida av cellene. Inni cellene er det salt, så i reint vatn er vasskonsentrasjonen høgare på utsida. Da vil vatnet flytte seg frå der det er høgast konsentrasjon til der det er lågast, det vil seie at vatnet går inn i cellene som dermed svell. I saltvatn er det meir salt enn inni cellene, vasskonsentrasjonen er høgare inni cellene enn utanfor, slik at vatnet går ut av cellene og dermed skrumpar. Denne vasstransporten frå høg til låg konsentrasjon ut eller inn av cellene kallast osmose.

 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 4. trinn
      • undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar (KM793)
      • bruke tabeller og figurer til å organisere data, lage forklaringer basert på data og presentere funn (KM794)
    • 7. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar (KM768)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)
  • Å kunne skrive (GF2)

Materialer og utstyr

  • skåler/bollar
  • vatn
  • salt (havsalt)
  • saks
  • løvetann/potetskrell
  • kamera

 

Naturfaglig språk

Fagspesifikke begrep

  • Skrumpe
  • Svelle

Tema

Læringsressurs

Forsøk og praktisk arbeid

Issmelting i ferskvatn og saltvatn

Utforske

Legg farga isbitar i eit beger med saltvatn og eit beger med ferskvatn og observer kva som skjer (sjå «Is som smelter») Dokumenter prosessen ved å ta bilde undervegs.

Kva trur de skjer med isbitane? Kvifor? Kor fort trur de isbitane smeltar? Kva trur de temperaturen er på ulike stader i begera? 

Her ser vi korleis det farga vatnet frå isbiten legg seg oppå saltvatnet. Her ser vi korleis det farga vatnet frå isbiten legg seg oppå saltvatnet.

Forklare

Kva observerte de da isbiten smelta? Kva var temperaturen?

I ferskvatnet vil isbitvatnet blande seg med ferskvatnet. I saltvatnet vil isbitvatnet bli liggande øvst, fordi saltvatn er tettare enn ferskvatn. Det kalde isbitvatnet vil da bidra til at isbiten smeltar saktare i saltvatnet.

Utvide

Kva trur de saltinnhaldet har å seie for havstraumane? Gruble rundt tema havstraumar og issmelting.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar (KM768)
      • skille mellom observasjoner og slutninger, organisere data, bruke årsak-virkning-argumenter, trekke slutninger, vurdere feilkilder og presentere funn (KM769)
      • utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
    • 10. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
      • analysere og bruke innsamlede data til å lage forklaringer, drøfte forklaringene i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på egne og andres utforskinger (KM832)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

  • to beger
  • saltvatn
  • ferskvatn
  • isbitar laga av farga vatn
  • termometer
  • kamera