Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Har seglfly energi?

7.18 Har glidefly energi_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

La elevane lage ulike papirfly og undersøke kva for eit som flyr best. Snakk saman om korleis papirflya flyr og kvar energien som trengst kjem frå. Spør: Kor godt passar ideane til papirfly og seglfly? Kvifor treng eit fly motor viss eit seglfly klarar seg utan motor?

Forklar til elevane: Det må skje ei energioverføring for at seglflyet kan fly. Det trengst energi for å gi nok kraft for å hindre at flyet dett ned på bakken. Forma til venga gir ei oppoverkraft når luft strøymer over ho, men flyet må bevege seg heile tida gjennom lufta for å skape denne krafta. Seglfly må bli dradd opp fordi dei ikkje sjølve har nokon motor. Vanlegvis blir eit seglfly dradd opp av eit anna fly og så sloppe. Ved å bli løfta høgt opp får seglflyet potensiell energi, før det gradvis fell mot bakken og mistar høgdemeter, men held farten oppe. Energi overført frå sola kan hjelpe seglflyet til å halde seg høgt. Sola varmar opp bakken som igjen varmar opp lufta, slik at lufta stig og skapar ei luftsøyle. Ei slik luftsøyle held seglflyet oppe. Ein dyktig pilot kan bruke luftsøyler for å dytte flyet oppover og gjenvinne tapt høgde. 

Be elevane lage ei skisse for å vise korleis energien blir overført i løpet av ein seglflytur.  

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Teknologi (KE68)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)
    • Vg1 BA
      • bruke begrepene energiovergang, energibevaring og virkningsgrad til å vurdere energiøkonomisering i bygg (KM707)