naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Kva skjer med energien frå eit lyd- og lysanlegg?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Forklar til elevane: Når anlegget blir skrudd på, blir energi overført til omgivnadane som lyd og lys. Lyset blir absorbert av dei ulike overflatene i rommet som da blir litt varmare. Lyden gjer at vindauge, dører og veggar vibrerer, og dei blir litt varmare. Desse energioverføringane gjer at temperaturen i rommet stig litt. Det er vanskeleg å måle denne lille forskjellen. Folk som dansar brukar musklane sine og blir varmare, så ein del energi blir overført til rommet og gjer at temparaturen stig merkbart. Tenk på korleis temperaturen i klasserommet blir høgare når det er fullt av elevar, sjølv om dei ikkje dansar! Noko av lyden kan også gå ut av rommet gjennom vindauga, dørene og veggane.
Be elevane teikne ei skisse som viser kva dei trur skjer med lyset og lyden når fyrverkeri eksploderer.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
Vg1 SF
- utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
-
Vg1 IM
- utforske bølgefenomener knyttet til lyd og akustikk (KM757)
-
Vg3 Påbygging
- utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM734)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)