naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Endrar vekta seg i vatn?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Bruk ei fjørvekt til å vege 1 kg masse i luft. Senk massen i eit kar med vatn og veg på nytt mens massen er delvis under vatn og når han er heilt under vatn. Blås opp ein ballong. La elevar dytte ballongen under vatn og fortelle korleis det kjennest ut. Spør: Kva fortel dette oss om tyngda til ein person i luft og i vatn? Bruk tenk-par-del.
Forklar til elevane: Tyngde er den krafta gravitasjonen drar på eit objekt med avhengig av massen til objektet. Vi måler tyngdekrafta i newton, som andre krefter. Viss du plasserer eit objekt i vatn, så vil ikkje massen endre seg. Tyngdekrafta drar med like stor kraft, så vekta/tyngda er også lik, men ei anna kraft blir viktig. Når du senkar eit objekt i vatn, dyttar det noko vatn vekk. Vatnet som omgir objektet dyttar tilbake. Denne «tilbakedyttings»-krafta kallar vi oppdrift. Du kan kjenne denne krafta når du senkar deg ned i vatnet for å svømme. Krafta er akkurat stor nok til å halde deg flytande i overflata. Kombinasjonen av tyngdekraft og oppdrift gjer at ting verkar lettare i vatn enn i luft. Objekt som har større massetettleik enn vatn har også oppdrift, men oppdrifta er mindre enn tyngda, så desse vil ikkje flyte. Skip er vanlegvis laga av stål, og stål har mykje større massetettleik enn vatn.
Be elevane lage ei skisse for å forklare korleis ein båt av stål kan flyte.
Materialer og utstyr
fjørvekt
kar med vatn
ballong