naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Kva er kraftfelt?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Spør: Kva for typar krefter har felt og kor mange ulike typar kraftfelt finst? Bruk tenk-par-del. Snakk saman om forskjellen mellom kontaktkrefter og kraftfelt. Spør: Korleis trur de at ein magnet tiltrekk seg ein papirbit utan å røre han?
Forklar for elevane: Det finst tre grunntypar av kraftfelt: gravitasjonsfelt, elektriske felt og magnetiske felt. Kraftfelt gjer at krefter kan verke på avstand utan berøring. Dei fleste kjenner godt til magnetiske kraftfelt. Viss du prøver å dytte to magnetiske nordpolar mot kvarandre, kan du kjenne krafta som held dei frå kvarandre, og det er vanskeleg å få dei til å møtast. Gravitasjon er eit kraftfelt som vi erfarer heile tida. Han kjem av massen til jorda som påverkar andre objekt, og han er sterk nok til å halde oss på bakken og til å halde månen i bane rundt jorda. Alle objekt med masse lagar eit gravitasjonsfelt rundt seg.
Elektriske felt kjem av elektriske ladningar. Når objekt rører kvarandre, vil alle krefter mellom dei komme av fråstøyting frå det elektriske feltet til atoma på overflatene. Elektriske felt er derfor ansvarleg for kontaktkrefter (skyv og drag) som vi erfarer kvar dag.
Be elevane lage skisser for å vise forskjellen mellom kontaktkrefter og fjernkrefter.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)