naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Blir magnetisme brukt opp?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Magnetiser ein jernspikar ved å stryke over han i ei retning med ein sterk magnet. Be elevane finne ein måte å avgjere kor sterk den nye magneten er. Spør: Blei den første magneten svakare når vi laga den nye magneten? Endrar styrken til magneten seg etter kor mange gongar vi stryk over spikaren?
Forklar for elevane: Vi kan lage magnetar ved å sette eit magnetisk materiale nær ein veldig sterk elektromagnet. Nokre materiale, som jern, stål, kobolt og nikkel, blir lettare magnetiske enn andre. Atoma i materiala er som små magnetar. Dei ordnar seg på linje med det magnetiske feltet til elektromagneten. Magnetismen til kvar gruppe av atom blir lagt saman og utgjer magnetismen til heile magneten. Ein magnet kan miste noko av magnetismen dersom gruppa av atom blir uordna. Dette kan skje dersom han blir halden nær andre magnetar, blir for varm eller blir slått eller rista mykje. De kan lage ein magnet ved å stryke over eit stålstykke i same retning med ein ende av ein permanent magnet. Dette vil ordne atoma i stålet og gjere det til ein svak magnet. Magnetismen har ikkje blitt overført til stålet, og magnetismen blir ikkje brukt opp. Dersom moderne magnetar blir oppbevart trygt, vil dei fortsette å vere magnetiske i all tid.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
jernspikar
sterk magnet