naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Elektrisitet og magnetisme
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Be elevane søke på internett etter informasjon om oppdagingane til Hans Christian Ørsted, William Sturgeon, Andre-Marie Ampere og Michael Faraday. Snakk saman om korleis desse oppdagingane hjelper oss til å forstå korleis elektrisitet og magnetisme heng saman. Spør: Kva for elektriske apparat har de heime som brukar magnetar? Korleis arbeider elektrisitet og magnetisme saman i desse apparata?
Forklar for elevane: Elektrisitet og magnetisme heng tett saman. Motorar, dynamoar, generatorar og elektromagnetar verkar på grunn av denne samanhengen. Elektrisitet kan skape eit magnetisk felt, og magnetisme kan skape ein elektrisk straum. Ein leidning som det går ein elektrisk straum gjennom har eit magnetisk felt rundt seg. Dersom leidningen blir kveila opp, blir feltet sterkare. Dersom ein mjuk jernstang blir sett i midten, blir magnetismen konsentrert og blir endå sterkare. Når straumen stoppar, stoppar jernstanga å vere ein magnet. Elektriske motorar brukar leidningsspolar og magnetar til å få dei til å bevege seg når det går ein straum gjennom dei. Generatorar verkar motsett. Dei brukar leidningsspolar og magnetar til å lage elektrisk straum når dei blir flytta på. Nokre innretningar, som solceller, kan lage elektrisitet utan å bruke magnet, men det meste av elektrisiteten vår kjem frå generatorar som brukar magnetar eller elektromagnetar.
Be elevane teikne ei skisse som viser korleis dei ser for seg ein elektrisk krets i ei elektrisk ringeklokke eller ein magnetisk dørlås. Be dei diskutere med kvarandre om dei er einige eller ikkje.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
7. trinn
- utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)