Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kva betyr spenninga til batteriet?

6.7 Har størrelsen på batteriet noe å si_nn

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane undersøke ulike reklamar for 6 V-batteri for å finne ut kva som er forskjellig hos dei ulike typane. 

Forklar til elevane: I eksempelet i grubleteikninga produserer lommelykta rett mengde lys med eit 3 V-batteri. Eit 6 V-batteri produserer dobbelt så mykje straum som eit 3 V-batteri, så da vil lommelykta lyse sterkare og tråden i pæra kan smelte. Å bruke feil spenning kan øydelegge det elektriske utstyret fordi straumen blir større. Den fysiske størrelsen på batteriet seier ingenting om kor mykje spenning det gir, så eit 6 V-batteri vil ikkje nødvendigvis vere dobbelt så stort som eit 3 V-batteri, og det vil ikkje vare dobbelt så lenge. I ein krets med eit 6 V-batteri kan dobbelt så mange lyspærer lyse slik dei vanlegvis lyser med eit 3 V-batteri. To lyspærer kopla i serie treng dobbelt så mykje spenning som ei lyspære aleine for å få like stor straum gjennom.

Spør: Kvifor trur de at det er så mange ulike typar batteri? Be elevane lage ei liste over kva produsentar treng å tenke gjennom for å avgjere kva for eit batteri dei vil bruke til eit apparat.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Teknologi (KE68)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • gjøre rede for energibevaring og energikvalitet og utforske ulike måter å omdanne, transportere og lagre energi på (KM841)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)