Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kva gjer at planetane går i bane rundt sola?

 

10.4 What causes the planets to orbit the Sun NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Fest ein skumball i enden av ein hyssingtråd. Snurr ballen rundt i ein ring. Slipp hyssingen. Snakk saman om kva som skjer og kvifor ikkje dette skjer når du held hyssingen. Be elevane prøve å forklare dette ved hjelp av omgrep om krefter. Spør: Korleis kan det som skjer med ballen hjelpe oss til å forstå kvifor planetane  går rundt sola omtrent i ein sirkel, i staden for å fly ut i ein vinkel? Korleis heng gravitasjonen saman med måten stjerner og planetar blir danna? 

Sei: Gravitasjon er ei tiltrekkingskraft mellom objekt. Han er forårsaka av den samla massen til objekta, slik at han er svak for små objekt og sterk for store objekt som sola. Han er sterk nok til å halde deg nede på overflata til jorda. Gravitasjon trekk til seg ting uansett kor langt unna dei er, men han blir svakare når avstanden aukar. Gravitasjon er krafta som gjer at planetane går i bane rundt sola. Utan gravitasjon ville dei ha fortsatt å bevege seg i ei rett linje i rommet. På grunn av farten til planetane, kan dei bli trekte av gravitasjon og likevel ikkje komme nærmare sola. 

Be elevane finne informasjon om Newtons kanonkule, for eksempel i artikkelen Derfor blir ikke satellitter sugd inn i sola av tyngdekraften. Be dei skrive ei forklaring på dette med sine eigne ord. 

Materialer og utstyr

hyssing
skumball

Læringsressurs