naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- biologi 1
- biologi 2
- fysikk 1
- fysikk 2
Er ultralyd ein lyd?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Spør: Kva trur de ultra betyr? [utover, mer enn, bortenfor] Spør: Kva er forskjell mellom lyd og ultralyd? Vis bilde av flaggermus og be elevane legge merke til korleis øyra ser ut. Spør: Kvifor trur de at dei ser slik ut? Sei: Flaggermus brukar reflektert ultralyd for å kunne orientere seg i mørket.
Sei: Reflekterte lydar (SONAR) blir bruka til å registrere fisk, ubåtar og andre ting under vatn. Be elevane teikne korleis dei trur dette verkar.
Faglig forklaring
Øyra våre registrerer lydbølger og frekvensen til desse. Når det blir flere lydbølger per sekund, blir tonen lysare. Vi kan berre høyre frekvensar opp til 20 000 bølger per sekund (Hertz eller Hz), og lågare etter kvart som vi blir eldre. Bølger med høgare frekvensar vil fortsatt vere lyd, men vi kan ikkje høyre dei. Desse kallar vi ultralyd. Ultralyd viser ting som er inni kroppen ved å sende ultralydbølger inn i kroppen og ta i mot refleksjonar frå indre organ. Ein omformar gjer om lyden til eit bilde som vi kan sjå på ein skjerm. Flaggermus brukar også reflektert ultralyd til å registrere gjenstandar, fordi dei har dårleg syn og flyg om natta. Dei lagar høgfrekvente klikk og pip og lyttar etter refleksjonar frå gjenstandar som byttedyr som dei jaktar på.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
Vg1 SF
- utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)