Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kan lyd gå rundt hjørne?

 

9.7 Kan lyd gå rundt hjørne NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

La to og to elevar stå på kvar si side av veggen. Spel musikk på den eine sida og la eleven på andre sida seie om han/ho kan høyre musikken og kor høg lyden er. De kan bruke ein dataloggar til å måle lyden meir nøyaktig. Elevane kan også lage ein barriere av store bøker eller liknande. Dataloggaren kan måle om lyden endrar seg bak barrieren. Snakk saman om kva dette fortel oss om korleis lyd beveger seg. 

La elevane få eit kar med vatn, der dei kan lage små bølger i vatnet og undersøke om desse går rundt hjørne eller gjenstandar. Spør: Korleis kan det å sjå på bølger i vatn hjelpe oss til å forstå korleis lyden beveger seg? 

Be elevane lage ei brosjyre til ein designer for å forklare korleis lydrefleksjon og diffraksjon er viktig for å designe ein spelestad med god akustikk.

Faglig forklaring

Lydbølger beveger seg i alle retningar frå gjenstanden som vibrerer og lagar lyd. Etter kvart som bølgene går lenger, verkar lyden svakare fordi energien som blir overført med bølgene har spreidd seg meir ut. Lydbølger kan bli reflektert av harde overflater, men dei kan også gå rundt ting. Denne bøyinga kallar vi diffraksjon. Når dette skjer, blir lyden oftast svakare. Jo meir refleksjon og diffraksjon ein lyd lagar på vegen til øyret ditt, jo svakare blir han. Med nok diffraksjon og refleksjon vil lyden til slutt bli for svak til at du kan høyre han. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Teknologi (KE68)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
      • analysere og bruke innsamlede data til å lage forklaringer, drøfte forklaringene i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på egne og andres utforskinger (KM832)
      • utforske, forstå og lage teknologiske systemer som består av en sender og en mottaker (KM836)
      • bruke programmering til å utforske naturfaglige fenomener (KM837)
    • Vg1 SF
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
    • Vg1 IM
      • utforske bølgefenomener knyttet til lyd og akustikk (KM757)
    • Vg3 Påbygging
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM734)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

kar med vatn
dataloggar for lyd

Læringsressurs