naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Kva går lyd gjennom?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk
der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.La to og to elevar samarbeide. Den eine eleven held klokka mot enden av ulike typar materiale som er ein meter langt (ull, plast, metall). Den andre eleven skal halde øyret mot den andre enden av materialet. Spør: Kor godt høyrer de lyden gjennom materialet? Korleis er det forskjellig frå å høyre lyden gjennom luft? La elevane høyre lyden gjennom ein ballong eller plastpose som er fylt med vatn. Spør: Er det forskjell på kva du kan høyre når lyden går gjennom ulike materiale?
Sei: Nokre musikarar, som Michel Redolfi, spelar konsertar under vatn. Be elevane finne ut meir om slik musikk.
Faglig forklaring
Lyd spreier seg ut frå ei kjelde ved å få partiklar ved sida av til å vibrere. Desse partiklane sender vibrasjonane vidare til partiklane ved sida av seg, og desse sender vibrasjonane vidare og så vidare. Jo tettare partiklane er, jo betre går lyden. Partiklane i gassar er spreidde og ligg ikkje ved sida av kvarandre, slik at lyden går seinast i gassar. Lyd går raskast i faste stoff, og nesten like raskt i væsker. Det meste av den lyden vi høyrer går gjennom luft. Lyd som går gjennom faste stoff eller væsker kan høyrest annleis ut, fordi ulike frekvensar går meir eller mindre lett gjennom faste stoff og væske. Dette får kvaliteten på lyden til å endre seg.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
Vg1 SF
- utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
-
Vg1 IM
- utforske bølgefenomener knyttet til lyd og akustikk (KM757)
-
Vg3 Påbygging
- utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM734)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
klokke med høg tikkelyd
ulikt materiale som er minst ein meter (ull, plast, metall)