Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2

Kva gjer spegelen med lyden?

 

9.3 Kva gjer spegelen med lyden NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

La elevane gå til ulike rom, slik som gymsalen, klasserommet og gangen. Be dei klappe i hendene og observere kva som skjer. Spør: Høyrde de ekko? Kva trur de ekko er og kvifor skjer det? Be elevane ta opp nokre lydar og undersøke om ein spegel gjer lyden sterkare. Be dei bruke ulike speglar. Be dei undersøke om det har noko å seie om spegelen er krum eller flat. Spør: Har det noko å seie kva for veg spegelen er krumma? Har størrelsen på spegelen noko å seie? Kva skjer dersom vi brukar andre overflater? 

Spør: Kvifor trur de at parabolantenner har den forma dei har? Korleis skil dei seg frå teleskop? 

Faglig forklaring

Vi høyrer bjella fordi ho vibrerer og sender ut vibrasjonar som vi kallar lydbølger, gjennom lufta. Lydbølgene beveger seg i alle retningar ut frå gjenstanden som vibrerer. Noko av lyden frå bjella kan bli reflektert av ei glatt og hard overflate som ein spegel, ein vegg eller eit bord. Spegelen lagar ikkje noko meir lyd. Likevel blir det ekstra vibrasjonar i ei bestemt retning dersom lyden blir reflektert i denne retninga, slik at lyden høyrest sterkare ut. Ein konkav tallerkenforma overflate kan samle lyden i ei retning betre enn ei flat overflate kan gjere. På denne måten verkar den reflekterte lyden sterkare enn lyd som blir reflektert frå ei flat overflate. Akkurat kor mykje sterkare er avhengig av størrelsen og forma på spegelen. Ein stor krumma spegel kan få lyden til å verke mykje sterkare. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • Vg1 SF
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM818)
    • Vg1 IM
      • utforske bølgefenomener knyttet til lyd og akustikk (KM757)
    • Vg3 Påbygging
      • utforske og beskrive noen sentrale bølgefenomener (KM734)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

flate og krumme speglar
andre flate og krumme overflater