naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- kjemi 1
- kjemi 2
Elektron og kjemiske reaksjonar
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Demonstrer ein kjemisk reaksjon, som elektrolyse av vatn eller eit stearinlys som brenn. Spør: Kva dei kjemiske endringane som skjer? Korleis veit de at det skjer ei kjemisk endring? Snakk saman om kva som skil kjemiske endringar frå fysiske endringar. Be elevane søke informasjon om elektron og kjemiske endringar på internett. Sei at dei kan søke på uttrykket valenselektron/ytterelektron. Diskuterer kvifor grupper av grunnstoff i periodesystemet har like eigenskapar og reagerer på same måte. Spør: Kva trur de skjer i ein elektrisk krets dersom det skjer ei kjemisk endring i metall på grunn av bevegelsen til elektrona?
Faglig forklaring
Atom kan bindast saman kjemisk og danne molekyl. Ei kjemisk binding blir danna når atom delar elektron mellom seg (elektronparbinding / kovalent binding) eller når elektron flyttar seg frå eit atom til eit anna (ionebinding). Ein kjemisk reaksjon skjer når nye bindingar, og dermed nye stoff, blir danna. Den kjemiske endringa får ikkje elektron til å flytte seg mellom atom, den skjer fordi elektron har flytta seg, eller blir delt, mellom atom. Utan dette vil det ikkje skje ei kjemisk endring.
Metall leier elektrisitet fordi dei har frie elektron som kan flytte seg blant atom, og ein elektrisk straum er begevelsen av desse elektrona. Det skjer ingen kjemisk reaksjon når elektrona strøymer gjennom eit metall, så metall er ideelle å bruke i elektriske kretsar.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- bruke atommodeller og periodesystemet til å gjøre rede for egenskaper til grunnstoffer og kjemiske forbindelser (KM839)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
vatn
stearinlys
fyrstikkar