naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
Kva er eit reint stoff?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Sei: Eit grunnstoff består av berre ein type atom, mens ei kjemisk sambinding består av minst to ulike atomtypar som er bundne tett saman. Ei blanding består av to eller fleire typar stoff. Spør: Kva betyr det eigentleg at eit stoff er «reint»?
Bruk ei stereolupe til å undersøke salt og snakk saman om kvart saltkort består av akkurat det same, og om større saltkrystallar er bygd opp på same måten som mindre saltkrystallar.
Bruk ei stereolupe til å undersøke sand. Samanlikn oppbygninga til salt og sand.
Spør: Er salt alltid reint? Er saltvatn reint? Er bordsalt reint? Er vatn i springen reint? Er mineralvatn reint? Be elevane lage ein tabell som viser innhaldet i ulike typar salt og vatn.
Faglig forklaring
Ordet reint blir bruka ulikt i kvardagsspråket og i naturfagspråket. Alle grunnstoff er enkle, reine stoff som inneheld berre ein type atom. Det finst 94 grunnstoff i naturen. Dei er dei enklaste stoffa som alt anna er bygd opp av. Salt er ikkje eit grunnstoff. Ei sambinding består av to eller fleire grunnstoff som er bundne saman kjemisk. Reint natriumklorid (salt) er ei sambinding fordi det består av natrium-atom (Na) bundne saman med kloridatom (Cl), meir presist natriumion (positivt ladde atom) og kloridion (negativt ladde atom).
Ei blanding består av to eller fleire stoff som er blanda saman. Desse stoffa kan enten vere grunnstoff eller sambindingar. Blandingar inneheld ikkje alltid den same mengda av kvart av stoffa. Vi seier at dei ikkje er reine.
Nokre reine stoff er giftige. Salt kan vere giftig i store mengder.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
- Kropp og helse (KE71)
Kompetansemål
-
10. trinn
- stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
- bruke atommodeller og periodesystemet til å gjøre rede for egenskaper til grunnstoffer og kjemiske forbindelser (KM839)
-
Vg1 SF
- utforske og gjøre rede for sammenhenger mellom kjemiske bindinger og egenskaper til ulike stoffer (KM815)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
salt
sand
stereolupe