Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • kjemi 1
  • kjemi 2

Forskjellige materiale, forskjellige atom?

 

4.6 Forskjellige materialer, forskjellige atom NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Spør: Kva trur de at atom er? Kva er forskjellen på atom og molekyl? La elevane bruke internett, bøker eller andre kjelder for å finne bilde og informasjon. Vis gjerne atommodellar. Samtal om kva kopar, vatn og plast består av.

Sei: Ordet atom kjem av det greske atomos som betyr udeleleg, fordi dei tidlegare trudde at atom var udeleleg. Ordet molekyl kjem av det latinske molecules som betyr liten masse. 

Spør: Korleis kan vi vere sikre på at atom eksisterer når dei er for små til at vi kan sjå dei? 

 

Faglig forklaring

Alt er bygd opp av atom. Dei utgjer grunnstoffa, som oksygen, kvikksølv og jern. Det er tre grunndelar i eit atom: elektron, proton og nøytron. Alle atoma i eit grunnstoff er like. Men atoma i kvart grunnstoff er ulike frå atoma i andre grunnstoff, fordi dei har ulikt tal av elektron, proton og nøytron. Atoma i nokre grunnstoff kan ordnast på ulike måtar og danne ulike materiale. For eksempel kan karbon vere kol, grafitt, diamant eller grafen avhengig av korleis atoma er ordna. Atoma i ulike grunnstoff kan kombinerast til molekyl, slik som hydrogenatom og oksygenatom kombinerast til vassmolekyl. Ulike kombinasjonar av atoma gir ulike materiale. Materiale finst i ulike former, som fast stoff, væske eller gass. Atoma i eit stoff er dei same, uansett om det er i fast form, væske eller gass, det er berre organiseringa som er forskjellig. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • bruke atommodeller og periodesystemet til å gjøre rede for egenskaper til grunnstoffer og kjemiske forbindelser (KM839)
    • Vg1 SF
      • utforske og gjøre rede for sammenhenger mellom kjemiske bindinger og egenskaper til ulike stoffer (KM815)
    • Vg1 HS
      • utforske egenskaper og reaksjoner til noen stoffer og stoffblandinger som er relevante for eget utdanningsprogram (KM697)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

atommodell

Læringsressurs