naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
- fysikk 1
- fysikk 2
Kor kalde blir ting i kjøleskapet?
Kva skjer eigentleg med det vi har inni eit kjøleskap?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
Legg eit termometer i ein behaldar med vatn med romtemperatur og sett behaldaren inn i kjøleskapet. Observer kva som skjer med temperaturen og diskuter korleis temperaturen inni kjøleskapet endrar seg. Prøv med ulike behaldaren, av plast og metall. Spør: Kor mange ulike måtar kan vi kjøle ned ting på utan kjøleskap? Kva er fordelar og ulemper med kvar av måtane?
Be elevane teikne ein graf som viser korleis temperaturen endrar seg når ein behaldar med vatn blir plassert i eit kjøleskap, i ei metallbolle eller i ei termos.
Faglig forklaring
Mjølka held seg god lenger ved å halde ho kald. Når vi puttar noko varmt i kjøleskapet, mistar det energi. Jo større forskjellen er mellom temperaturen i kjøleskapet og i mjølka, jo raskare mistar mjølka energi. Når temperaturen i mjølka nærmar seg temperaturen i kjøleskapet, blir energitapet mindre og mindre. Det tar lenger tid for mjølka å kjøle seg ned dei siste gradane enn dei første gradane. Det tar lenger tid for ei stor mjølkeflaske å bli nedkjølt enn ei lita ei fordi ho har meir energi å miste. Mjølka kan aldri bli kaldare enn kjøleskapet er. Dersom du puttar frosen mjølk i kjøleskapet får ho energi frå kjøleskapet, blir oppvarma og smeltar.
Metall er gode varmeleiarar, slik at mjølk i ein metallbehaldar mistar energi raskt, men når likevel den same sluttemperaturen.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
10. trinn
- stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
- analysere og bruke innsamlede data til å lage forklaringer, drøfte forklaringene i lys av relevant teori og vurdere kvaliteten på egne og andres utforskinger (KM832)