naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
- vg1
Kan vi komprimere gassar og væsker?
Kor tett sit molekyla i ei væske og i ein gass?
Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk
Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve.
Bruk tenk-par-del der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.
La elevane mose ein ballong for å kjenne korleis han kjennest. Samanlikn med ein ballong som er fylt med vatn.
La elevane halde på tuten av ei «tom» plastsprøyte. Kva skjer? Samanlikn med ei sprøyte som er flyte med vatn.
Kva skjer dersom vi mosar ein luftfylt pose veldig hardt? Har det noko å seie kva slags materiale posen er laga av. Kvifor sprett vi oppover når vi hoppar på eit hoppeslott?
Be elevane finne ut og lage ei oversikt over korleis pneumatikk og hydraulikk blir bruka i kvardagen.
Faglig forklaring
Når vi fyller ein pose med luft eller vatn, fangar vi partiklane slik at dei ikkje slepp ut. Når vi mosar posen, er det tomrom mellom luftpartiklane slik at dei kan dyttast nærmare. Dersom vi hadde vore sterke nok og posen hadde vore solid nok, ville vi kunne ha mosa dei saman til eit område som var tusenvis gangar mindre. Partiklane endrar ikkje størrelse, det er berre tomrommet mellom dei som endrar seg.
I ei væske er det veldig lite tomrom mellom partiklane. Dei er pakka saman nesten like tett som i eit fast stoff. Derfor er det vanskeleg å mose væsker noko særleg. Partiklane er nær kvarandre, men dei har ikkje ein fast posisjon, dei kan flyte rundt kvarandre. Dette er grunnen til at væsker er flytande. Begrepa pneumatikk (om gassar) og hydraulikk (om væsker) heng saman med korleis materiale oppfører seg når dei blir mosa.
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
- Energi og materie (KE69)
Kompetansemål
-
Vg1 SF
- utforske og gjøre rede for sammenhenger mellom kjemiske bindinger og egenskaper til ulike stoffer (KM815)
-
10. trinn
- bruke og lage modeller for å forutsi eller beskrive naturfaglige prosesser og systemer og gjøre rede for modellenes styrker og begrensinger (KM833)
- utforske kjemiske reaksjoner, forklare massebevaring og gjøre rede for betydninger av noen forbrenningsreaksjoner (KM838)
Grunnleggende ferdigheter
- Muntlige ferdigheter (GF1)
Materialer og utstyr
ballong
pose
vatn
plastsprøyte